i dag: Ein månad til Gloppen Halvmaraton
Laurdag 4. oktober er vi der: Gloppen Halvaraton - med første start kl 13.15, på Idrettsplassen.
Det er god påmelding så langt - omlag dobbelt så mange som til same tidspunkt i fjor. Då var det deltakarrekord med 250 løparar, og den rekorden håpar vi å slå i år.
Øvingane og løypene er som i fjor: 10 km løp, 10 km rullestolpigging, og hovuddistansen som er halvmaraton.
Tryggleik for løparane har førsteprioritet. Difor stengjer vi vegen frå Flølokrysset til Fitje når det store hovudfeltet skal ut, kl 14.00. Det vil også vere stengt når 10-kilometeren startar kl 14.10. Vegen blir opna opp att etter kvart som løparane bevegar seg mot Fitje. Vegen mellom Fitje og Sande blir stengt under heile løpet, dvs til ca kl 15.30. Her blir bilistane dirigert inn på vegen på øvre Sørstranda. Vegen mellom Sande og vendepunktet for halvmaraton får ny fartsgrense på 50 km/t medan løpet går. I år vil det også bli vakter i vegkryssa frå Selvågane til mål for å sikre trygge forhold for løparane på siste del av distansen.
Løparane har vore godt nøgde med premieringa, og også i år er Påldtun premieleverandør, med sine gode produkt. Det blir premie til dei tre beste i kvar klasse på halvmaraton, og til klassevinnarane på 10 km. Ikkje minst: Vi er på lag med fruktdyrkarane i Gloppen, der vi har fått 10 fruktkassar som blir tilfeldig trekt ut mellom løparane. Gloppen Hotell har også gjeve eit gåvekort på overnatting og 3-rettars middag for to, som vi også trekkjer ut på startnummer.
Link til påmelding: Gloppen Halvmaraton 2025 Du finn oss også sjølvsagt på facebook, der det blir lagt ut stoff om Gloppen Halvmaraton kontinuerleg.