Svinestranda Opp 18. juni
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 18. Apr 2023
SVINESTRANDA OPP 2023
Dato/tid: Søndag 18. juni 2023, Hovudstart kl 12.00 ved Idrettsplassen i Sandane sentrum.
INFORMASJON OM ARRANGEMENTET:
· Konkurranseklassen: Det er ikkje krav til minimums vekt på ryggsekk. Men for å få starte, må deltakarane vise ryggsekk som skal innehalde: Vindjakke, bukse, tørr super, hue, hanskar, drikkeflaske og energibar/banan (arrangør tek stikkprøvar på toppen, og det blir gitt tillegg i tid om utstyr manglar. Det vil bli gjeve 5 min.tilleggstid om ikkje sekken har rett innhald).
- Startkontingent: kr. 300,-/100,- (Hovudløp/3-km)
· Startkontingent etterpåmelde: kr. 400,-for hovudløpet.
- Startpengar elles: Kr. 100,- for dei som er under 15 år, og kr. 50,- for mosjonistar/trimmarar utan tidtaking.
- Eingongslisens er kr. 40,- i dette løpet, (for dei som ikkje har årslisens)
· Påmeldingsfrist: Onsdag 14.juni.. Etter påmeldingsfristen: kr 100,- i tillegg for konkurranseklassane som startar frå Sandane
· Start 14 år (f. 1997) og yngre er på Austrheimsstøylen, og starten går kl 12.00 Distanse 3 km.
· NB! Start for M/K veteran 60 år og eldre går frå Sandane sentrum kl 11.30 Starten elles er kl 12.00 frå Sandane sentrum
· Mosjonistar har tre alternativ: a) Frå Sandane til Austrheimsstøylen eller toppen, b) starte på Austrheimsstøylen og gå til toppen, eller c) Parkere på Kleivane og gå til Austrheimsstøylen, evt. til toppen. Alle mosjonistar registrerer seg på Austrheims-støylen, - enten ved passering eller start.
· Premieutdeling ca kl 14.30, på Austrheimsstøylen. NB: Ein premie på kr. 500,- skal trekkast mellom løparar, mosjonistar og funksjonærar. For å få premien, må vinnaren vere til stades under trekkinga.
· Før start: Klede vert bringa frå startområdet til Austrheimsstøylen. Etter løpet/premieutdelinga: Biltransport for dei som ønskjer ned att til Sandane.
PREMIERING:
- kr. 1000 til vinnar i dame- og herreklassen
- kr. 750 til nr. 2
- kr. 500 til nr. 3
- Premie til klassevinnarane. Premiane kan hentast på stemnekontoret i Firdavegen frå kl 15.00
· Påmeldingsfrist elektronisk: onsdag 14. juni kl 23.59 - , Svinestranda Opp 2023 (eqtiming.com)
Kontaktperson: Dagfinn Nyhammer 412 27 968, epost dagfinn.nyhammer@enivest.net
Kontonummer Fjellhug/Vereide il: 3705.33.01917
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer

Gloppen Halvmaraton med 125 påmelde
07.10.2023

Siste Gloppe-Trim 2023
21.09.2023

Avslutningsstemne i friidrett
14.09.2023

Over 50 på Gloppe-Trim
13.09.2023

3. siste Gloppe-Trimmen for i år
06.09.2023

Ein æresmedlem er gått bort
01.09.2023