Friidrettstreninga startar opp att!

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 23. Apr 2024


Vi startar opp med friidrettstreninga på Vereide tysdag 30. april. Det blir i området bana/barnehagane slik som tidlegare.  6/7 år og oppover, alder er ikkje det viktigaste, men at ein har lyst å vere med på aktivitetane.

Alle som har lyst å trene i løp, hopp og kast er hjarteleg velkomne!  Vi prøver å skape varierte aktivitetar, og få til ein kjekk time for alle i tida mellom kl 17.30 og 18.30.  Nokre øvingar, t.d. høgde, har vi ikkje utstyr til, det kan vi kompensere med å ta ein av treningskveldane på Sandane eller Byrkjelo i løpet av tida fram til skuleslutt.

Vi har ei Messengergruppe som heiter Friidrettstreninga på Vereide som vi kan legge foreldre inn i etter kvart som vi ser kven som dukkar opp på treninga.  Der minner vi om treningar, legg inn info om vi flyttar tid eller stad, osv.  

Pause i treninga i skuleferien, men oppstart igjen i august, med kanskje litt kjekk avslutning i Ryssfjæra til hausten... BLI MED!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.