Friidrettstreninga startar opp att!
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 23. Apr 2024
Vi startar opp med friidrettstreninga på Vereide tysdag 30. april. Det blir i området bana/barnehagane slik som tidlegare. 6/7 år og oppover, alder er ikkje det viktigaste, men at ein har lyst å vere med på aktivitetane.
Alle som har lyst å trene i løp, hopp og kast er hjarteleg velkomne! Vi prøver å skape varierte aktivitetar, og få til ein kjekk time for alle i tida mellom kl 17.30 og 18.30. Nokre øvingar, t.d. høgde, har vi ikkje utstyr til, det kan vi kompensere med å ta ein av treningskveldane på Sandane eller Byrkjelo i løpet av tida fram til skuleslutt.
Vi har ei Messengergruppe som heiter Friidrettstreninga på Vereide som vi kan legge foreldre inn i etter kvart som vi ser kven som dukkar opp på treninga. Der minner vi om treningar, legg inn info om vi flyttar tid eller stad, osv.
Pause i treninga i skuleferien, men oppstart igjen i august, med kanskje litt kjekk avslutning i Ryssfjæra til hausten... BLI MED!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer
![To og ein halv månad til Gloppen Halvmaraton](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/908/2024/7/23/img-6071.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
To og ein halv månad til Gloppen Halvmaraton
23.07.2024
![49 på siste Gloppe-Trim før ferien](https://azurecontentcdn.sitefabrics.com/froala/200000195/908/2024/6/19/img-20240529-185508.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
49 på siste Gloppe-Trim før ferien
19.06.2024
![Nest siste Gloppe-Trim før sommarferien](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/908/2024/6/12/img-20240612-185150.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Nest siste Gloppe-Trim før sommarferien
12.06.2024
![45 Gloppe-Trimmarar i kveld](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/908/2024/6/5/img-20240529-185531.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
45 Gloppe-Trimmarar i kveld
05.06.2024
![50 på Gloppe-trimmen i går kveld](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/908/2024/5/30/img-20240529-185451.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
50 på Gloppe-trimmen i går kveld
30.05.2024
![7 deltakarar på Sparebankleikane laurdag](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/908/2024/5/26/img-20240525-134437--1-.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
7 deltakarar på Sparebankleikane laurdag
26.05.2024