Workshoppar

i sommar

gratis aktivitetsdagar

og trenarworkshops

For born:
- 30 juni kl. 10-15: Aktivitetsdag for turnarar
- 2 juli kl 10-15: Aktivitetsdag bevegelsesglede, motorikk og idrett

For trenarar:
- 30 juni kl. 17-20: Masterclass for trenarar: Meistring og leikprega trening av basisferdigheiter på tvers av idretter
- 2 juli kl. 17-20: Masterclass for trenarar: Inspirasjonskveld for turntrenarar

Aktivitetsdagane blir gjennomført saman med det danske elitelaget i turn, Viborg elite. Trenarworkshoppane er i forlenging av aktivitetsdagane, og vi siktar på å gi trenarar gode verktøy og tips, samt inspirasjon til korleis legge til rette for utvikling av motorisk dugleik på tvers av idrettar.


Aktivitetsdag - Turn
juni
30.

Aktivitetsdag - Turn

Denne dagen har som mål å gi aktive turnarar ein dag der dei opplever og meistrar nye øvingar og moment, og der dei får utfordret seg både fysisk, teknisk og mentalt. Dagen siktar seg inn på dei som har turnerfaring frå før, og øvingar og organisering tar utgangspunkt i at deltakarane har basisdugleikar på plass.

Vis arrangement →