Tilbake til alle arrangementer
Denne dagen har som mål å gi aktive turnarar ein dag der dei opplever og meistrar nye øvingar og moment, og der dei får utfordret seg både fysisk, teknisk og mentalt. Dagen siktar seg inn på dei som har turnerfaring frå før, og øvingar og organisering tar utgangspunkt i at deltakarane har basisdugleikar på plass. Vi differensierer gruppa blant anna basert på alder og erfaring, slik at flest mogleg skal oppleve øvingar og meistring ut frå eigne føresetnadar.
📆 30. juni klokka 10.00 - 15.00
📍 Trivselshallen. Oppmøte oppe i Firdahallen
👧👦 Jenter og gutar 8 til 15 år. Krav om generell turnerfaring og kompetanse.