Då er det klart for RYPESKARRENNET 2016

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 15. Mar 2016

Mykje folk i strålande veir i fjor.

Då er det klart for Rypeskarrenn igjen. I morgon Påskeafta,26. mars blir det arrangert for 34. gong.

Vi var redde for at snøen skulle reise fort, men faktisk har det snøva litt oppe, når det har regna nede. Og med nokre kalde netter siste veka,ser det ut som vi er berga i år og.

Konkurranse klassene går i fristil, men det blir spor for klassisk i tillegg. Det kan verte litt smørjeproblem, då den nysnøen som er komen er tørr i høgda. Oppfordrar turgåarane å ta med skrape og litt ekstra smurning i sekken. Det blir råd med litt smøring før start.

I dag var det litt kald vind oppe, sjølv om det var sol innimellom. So alle må ha med godt med varme kle i sekken.

Elles kan vi nemne at vi har bankkort terminal ved start.

Ynskjer alle velkomne til årets Rypeskarrenn.

Her er litt info: arrangørliste, invitasjon, pressemelding

RYPESKARRENNET PÅSKEAFTA 26.docx

RYPESKARRENNET 2016 INNVITASJON.docx

Pressemelding 2016.docx

Skulle det vere nokon (til dømes i arrangørstaben) som ikkje har anledning å gå påskeafta,er det fullt mogleg å få registrere seg likevel. Det er berre å gå, so ta kontakt med Berit Aasebø Hauge som styrer registreringa,so ordnar det seg. Kjekt visst flest mogleg registrerar seg og er med og støtta arrangemanget og dei fine oppkøyrde løypene. God tur!

Rypeskarkongen vår, Odd-Bjørn Hjelmeset. Usikkert om han stiller i år, men kanskje....



Dugnad !

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 6. Mar 2016

Mykje ein seier ja til... men med slike kjekke,sterke, flinke ungdomar gjekk dette fint. Mykje snø var det på taket og godt for eigaren og vite at det er gjort.

Dugnad for skigruppa i Fjellhug Vereide. Måking av hyttetak. Takk for hjelpa Knut Åge,Elling,Jon Eirik og Roger. Gøtt jobba!!



Avslutningsrenn/lagsrenn/premieutdeling

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 5. Mar 2016

Deltakarliste 2016.xlsx

Laurdag 12.mars kl.12.00.

Då blir sesongens siste renn på Kleivane og det blir premieutdeling for Telenorkarusellen.

Det blir sprint-skicross for alle. Litt kjekt å prøve noke nytt. Sverre å co vil lage ei kjekk løype med diverse utfordringar. Kanskje både kular og hopp!

Som vanleg vil vi helst ha påmeldinga på førehand, innan fredag kveld. Elles på Kleivane frå kl.11.00-11.30. Kr 50.- pr start. Det blir ein liten ekstra premie på dette rennet, so kom og ver med på sesongavslutninga. Sjølvsagt blir det saft og kake denne gongen og. Til foreldra vil vi selje kaffi og kake for kr 10.- pr stk!

VIKTIG: Det blir premieutdeling for Telenorskikarusellen. So alle som har vore med på 1 eller fleire renn, må kome og hente premien sin. Over 150 har vore innom på renna,so det er mange premiar som skal ut.

Legg ut deltakarliste med antal renn de har vore med på. Skulle de finne feil,so gje Astrid ei mld so ho får sjekke listene at det stemmer. Deltakarliste 2016.xlsx

Hjelparliste laurdag 12.mars kl.12.00

Start: Finn og Svein

Mål: Jan Roger, Johnny, Rune Fjellestad,

Saft(vi har) Kake (de tar med platekake og er med og delar ut) : Britt Elin Lothe Fjellestad, Eva Helen Solheim, Siv Anita Drageset (+ kake frå Ingvill og Merete Aske)

Løype: Sverre, Jonfinn, Jon Granheim, Liv Kristin Rauset



Deltakarliste/resultatliste frå 4.karusellrennet

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 4. Mar 2016

Kjekt med mykje folk og aktivet på Kleivane i går kveld.

Her er resultatliste: 20160303 resultat frå karusell 4.xlsx



TELENOR KARUSELLRENN NR.4

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 29. Feb 2016

Vi prøvar til igjen torsdag 3.mars kl.18.00. Fristil alle klasser.

Dokke har vore flinke å melde på på førehand og det ynskjer vi denne gongen og, då det går kjappare på Kleivane å få ut startnummera. Kr 50.- pr start betalast ved henting av nr innan 17.30.

Til astrid.hauge@enivest.net ,sms til 4150455 eller melding på facebook( det er best! )

Håpar på betre veir denne gongen, og sjølvsagt blir det saft og kake til alle. Kanskje foreldra får seg ein kaffikopp og varme seg på og.

Få gjerne med dokke fleire skigåarar. Vel møtt til store og små.


Hjelparliste:
Start: Finn og Svein Hauge
Mål: Johnny Hauge,Jan Roger Engeset, Arne Mykland, Edvard Fjellestad
Saft(vi har)/Kake(de tar med platekake): Inger Lise Vereide, Hege Marita Svalheim, Gunhild Opdal Håvik, Janne Kristiansen

Løype: Sverre Aske, Øyvind Seim, Jon Granheim, Liv Kristin Rauset,