To og ein halv månad til Gloppen Halvmaraton
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 23. Jul 2024
Gloppen Halvmaraton nærmar seg - no er det berre to og ein halv månad til starten går på Idrettsplassen, Sandane!
I år vil det vere nokre endringar, og utviding av programmet. Først og fremst er vi glade for at vi har fått rullestolpigging på programmet. Dei som driv denne idretten finn ikkje så ofte konkurransar som dekkar deira sine behov, noko vi i Gloppen Halvmaraton no vil rette på. Distansen er 10 km.
Vi legg også inn ein ordinær 10-kilometer konkurranseklasse med tidtaking Det har vore etterspurt mellom aktive nokre år.
Påmeldingane er så vidt byrja å kome; du kan melde deg på her no: Gloppen Halvmaraton 2024 (eqtiming.com)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer

Gloppe-Trim 2/2025
01.05.2025

Senterløpet samla 48 delttakarar
24.04.2025

Årets første Gloppe-Trim
23.04.2025

Senterløpet 2025 vert torsdag 24. april
10.04.2025

Tillitsvalde etter årsmøtet 2025
10.04.2025

Gloppen Halvmaraton 2025 - INNBYDING
17.03.2025