Senterløpet 2025 vert torsdag 24. april

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 10. Apr 2025


Det blir Senterløp også i år.  Torsdag 24. april lagar Fjellhug/Vereide il til dette uhøgtidelege løpet i sentrum på Sandane.  Det inngår som ein del av aktivitetane som vert under butikkane sin langope-kveld.

Alle kan vere med, det er berre å melde seg på via iSonen, Senterløpet | iSonen . Startpengane er kr. 40,-, og for det får ein litt mosjon, ein liten sjokoladebelønning, og deltakarmedalje.  I tillegg sponsar butikkane oss med nokre premiar som vi trekkjer ut på startnummer.

Starttidspunkt kl 18.00.  Påmelding på iSonen, eller seinast ved frammøte kl 17.30. Startpenga ved påmelding ved frammøte er kr. 50,-.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.