To nykvalifiserte til JrNM U20
Postet av Nils Ove Roset den 11. Jul 2022
Christopher Solheim (17), GFIL greidde kravet i slegge 6kg (40m) under eit stevne på Loggane 3 juni. Han kasta 42,19m og er klar til JrNm i klasse U20.
Gullisara Panyarat (16), GFIL greidde kravet på 100m (13,20 sek) under eit stevne på Lillehammer 19 juni. Ho sprang på tida 13,18 sek og er klar til JrNm U20 . GFIL gratulerer med kvalifisering og vi gledar oss til tur til Bærum i slutten av august. Pr i dag har vi allereie Nicoline Thunem, Emilie Engelbrektson, Tobias Fuglestrand og Mathias Reksten Dale i klasse U20. I eldste klasse U23 har vi ein utøvar, Håkon Hjelle Roset. Vi har eit par utøvarar som trenar seg inn mot å greie krav i løpet av juli og august. Det blir spennande å sjå kor mange vi blir.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Nils Ove Roset

Oppdaterte treningstider hausten 2022
27.10.2022

Gloppen Fil til Jr Nm i Bærum komande helg !
24.08.2022
Fin start på hausttreninga
13.10.2020