KM Terrengløp 2023
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 2. Feb 2023
Innbyding KM terrengløp 2023
Fjellhug/Vereide Il inviterer igjen til KM i terrengløp på Sandane.
Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (bark/grus), ei lettkupert løype, der ein full runde er 1800 m. Det er ulike distansar alt etter klasse.
Dato og tidspunkt: Søndag 16. april, kl 15.00.
Klassar og distansar:
- G/J 13 og 14 år: 600 m
- G/J 15 og 16 år: 1200 m
- G/J 17 og 18 år, Menn/kvinner junior (19 og yngre), KS og MV65+: 1800 m
- Menn senior og MV35-MV60: 3600 m
Påmelding: Via nettet på EQ Timing
Påmelding etter fristen, og inntil ein time før start: Tillegskontingent: kr. 100
Startpengar:
* 13-14 år: kr. 60,-
* 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fristen: tillegg kr. 100,-)
Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens (Sidan startpengane går opp for 15 og eldre til 200,- etter ordinær påmeldingsfrist, går også lisensen automatisk opp frå kr. 20,- til kr. 30,-)
* Startpengar blir automatisk trekt frå konto ved påmelding (kontonr. arrangør: 3705.33.01917
Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa. Næraste er i Trivselshallen (Firdahallen). Toalett i startområdet.
KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse
Parkering: Det blir søkt om løyve til å køyre gang- og sykkelvegen opp til grusbana på Myra ved dette arrangementet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer

Gloppe-Trim 3/25
08.05.2025

3 mix jentelag på Breimstafetten
03.05.2025

Friidretten startar opp utetreninga
03.05.2025

Gloppe-Trim 2/2025
01.05.2025

Senterløpet samla 48 delttakarar
24.04.2025

Årets første Gloppe-Trim
23.04.2025