Klart for KM Terrengløp

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 15. Apr 2023

Historisk bilete frå 2009: KM terrengløp på Myra, og jølstringane markerte seg den gong som no. Her er Eivind Øygard i tet, framfor tvillingbror Knut Olav.  Eivind er også påmeld i år.


I morgon, søndag 16. april, er det klart for KM Terrengløp 2023 på Myra i Åsen.  Løpsstart er kl 15.00.

KM er for alle frå 13 år og oppover. I år er det påmeldt 23 deltakarar fram til laurdag ettermiddag, men vi håpar det kan kome nokre fleire fram til start.  Absolutt siste frist å melde seg på er kl 14 søndag.

Eivind Øygard, Jølster er nok den store favoritten mellom dei som spring lengste løypa.  Han er mellom dei aller beste langdistanseløparane i landet, og det er veldig kjekt at han stiller opp hos oss.  Hadde det ikkje vore for at jølstringane stiller bra mannsterke opp, vill det vorte eit tynt meisterskap, som kanskje ikkje hadde vore noko poeng å arrangert.  All honnør til løpsmiljøet i Jølster, som er absolutt det beste i fylket!

 Distansane er knappe 600 m for 13 og 14 år, 1200 m for 15 og 16, 1800 m for 17, 18, juniorar, kvinner alle klassar og menn veteran over 65 år.  Menn senior og menn veteran opp til og med 64 år, spring 3600 m (to fulle rundar i Åsen-løypa).

Tidtakinga er ved hjelp av EQtiming, det betyr at resultata er på nettet 3 sekund etter at løparen er i mål.

Her er linken til påmelding, deltakarliste, og resultat:  KM Terrengløp S&Fj 2023 (eqtiming.com)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.