Vi startar friidrettstreninga på torsdag 5. mai
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 29. Apr 2023
FRIIDRETTSTRENING VÅREN 2023
I vår vil vi, slik det ser ut no, bruke onsdagane til friidrett.
MEN - dei to første gongane vert på torsdagar, og vi startar opp komande torsdag 5. mai kl 17.00. Veka etter vert det også torsdag til same tid.
Deretter går vi truleg over til onsdagar, ettersom det passar fleire, etter det vi har høyrt. 17. mai-veka er det helg både onsdag og torsdag, så den veka står vi over. Første friidrettstrening deretter vert difor onsdag 25. mai.
Friidrettstreningane i mai vert difor slik: torsdag 5. mai, torsdag 12. mai, onsdag 25 mai - alle dagane kl 17.00.
Treninga vert lagt opp for 8-12 år, men møter det opp motiverte 6- eller 7-åringar, er det heilt greitt. Om foreldre også vil vere med å støtte opp i lengdegropa eller med andre øvingar, er det heilt supert!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer
Fin friidrettsdag i Trivselshallen
19.01.2025
Trivselshalleikane 2025
09.01.2025
Friidrett: Innandørstreninga startar tysdag
09.10.2024
Flott basarresultat
03.10.2024
Gloppen Halvmaraton - Løypetrase, med profil
30.09.2024