Svinestranda Opp i motbakke - årets løp er avlyst
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 13. Jun 2023
SVINESTRANDA OPP 2023 AVLYST
Då har vi måtte gå for at det ikkje blir Svinestranda Opp 2023.
Synd, men når påmeldingane uteblir (berre 6 påmelde i skrivande stund), vert det mykje organisering for å legge tilrette for nokre få løparar.
Fleire motbakkeløp er diverre historie no. Storehesten Opp i Gaular, Førde Opp, Skåla Opp, Vetenløpen, og fleire - alle har hatt si storheitstid, og har måtta legge ned. Litt ulike grunnar, men det er nok ein trend at reine motbakkeløp ikkje er så atraktive lenger. kanskje er det lengre løp langs veg, eller fjell-ultraløp som no er mest populært.
Vi har hatt mange flotte arrangement med Svinestranda Opp sidan det første i 2005. To av løpa har hatt NorgesCup-status, og vi har hatt dei beste motbakkeløparane i Noreg på startstreken.
Men alt har si tid, og om ikkje trend og popularitet for reine motbakkeløp tek seg opp att, er nok Svinestranda Opp eit avslutta kapittel.
PS: Vi ønskjer alle som synest at det er flott å springe i Gloppen hjarteleg velkomne til Gloppen Halvmaraton laurdag 7. oktober. Fjellhug/Vereide gledar seg til å arrangere halvmaratonfest i ei knallbra løype!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer

Gloppe-Trim 3/25
08.05.2025

3 mix jentelag på Breimstafetten
03.05.2025

Friidretten startar opp utetreninga
03.05.2025

Gloppe-Trim 2/2025
01.05.2025

Senterløpet samla 48 delttakarar
24.04.2025

Årets første Gloppe-Trim
23.04.2025