Ein æresmedlem er gått bort
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 1. Sep 2023
Æresmedlem i Fjellhug/Vereide il, Håkon Lundestad, vart gravlagt frå Vereide Kyrkje i dag. Kyrkja var fullsett av folk som ville ta farvel med Håkon, som har vore ein bauta i idrettslaget.
Frå han kom tilbake til Sandane rundt 1970, har han gjort utruleg mykje for idretten. I Fjellhug/Vereide il tok han tak i friidretten, og fekk inn systematisk trening av god kvalitet, og det var veldig mange som møtte fram på treningane.
I tillegg til å trene sjølv, trene gode og middels gode vaksne og veteranar, var han ikkje minst ein viktig trenar for dei gode sprinterane vi hadde i laget. Harald Gjengedal hadde fire NM-gull på 400 m hekk, og han, saman med Eyvind Senneset, Jakob Lothe, Arne Klakegg, Jonfinn Aske og gjerne andre utgjorde fantastiske lag på 4x100 m, 4x400m og 1000 m stafett, trena av Håkon.
Håkon hadde mange viktige tillitsverv. Han var leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins i fleire år, i Sogn og Fjordane Skikrins i 8 år, og i Sogn og Fjordane Idrettskrins også 3-4 år.
Ikkje berre idretten nytte godt av organisasjonsevnene hans. Pelsdyrnæringa, Senterpartiet, Odd Fellow og andre organisasjonar hadde stor glede og nytte av arbeidet hans.
Håkon var æresmedlem i Fjellhug/Vereide il. Med han har idrettslaget mista ein som har utretta utruleg mykje, og han vil gå inn i laget sine historiebøker som ein av dei store i klubben.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer

Gloppen Halvmaraton med 125 påmelde
07.10.2023

Siste Gloppe-Trim 2023
21.09.2023

Avslutningsstemne i friidrett
14.09.2023

Over 50 på Gloppe-Trim
13.09.2023

3. siste Gloppe-Trimmen for i år
06.09.2023