7 deltakarar på Sparebankleikane laurdag
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 26. Mai 2024
Fjellhug/Vereide il hadde med 7 deltakarar på Sparebankleikane. David, Isaka, Philip, Oskar, Aksel, Leo og Ea gjorde ikkje skam på klubben, og fekk mange fine resultat.
David, Leo, Philip, Oskar og Aksel var med på 60m, lengde og liten ball. Isaka plussa på med 600 m, og Ea var med på 60m, 60m hekk, 600m, liten ball, lengde og høgde. Fjellhug/Vereide hadde også ansvar for å avvikle liten ball-øvinga.
Dersom ein vil studere resultata, finn ein link til resultatservice her. Ein må lese lista med tanke på at det kan vere ulike årsklassar innan same gruppe.
Ein kjekk og varm dag på Byrkjelo, der vi også ville hatt fleire med dersom mange ikkje hadde vore opptekne med konfirmasjon i helga.
Fjellhug/Vereide IL gleder seg allerede til det kommende treningsstevnet på Byrkjelo, der flere av ungene får sjansen til å delta for å sikre seg et barneidrettsmerke. Kanskje blir det enda flere deltakere neste gang! (Tab for å godta)
Neste (og siste) stemnet for ungar som vi førebels veit om i nærområdet, vert eit treningsstemne på Byrkjelo tysdag 18. juni. Då får også dei som ikkje kunne vere med i dag ein sjanse til å m.a. kapre seg eit barneidrettsmerke.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer
Trivselshalleikane 2025
09.01.2025
Friidrett: Innandørstreninga startar tysdag
09.10.2024
Flott basarresultat
03.10.2024
Gloppen Halvmaraton - Løypetrase, med profil
30.09.2024