Kategori
Då er det klart for RYPESKARRENNET 2016
Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 15. Mar 2016
Mykje folk i strålande veir i fjor.
Då er det klart for Rypeskarrenn igjen. I morgon Påskeafta,26. mars blir det arrangert for 34. gong.
Vi var redde for at snøen skulle reise fort, men faktisk har det snøva litt oppe, når det har regna nede. Og med nokre kalde netter siste veka,ser det ut som vi er berga i år og.
Konkurranse klassene går i fristil, men det blir spor for klassisk i tillegg. Det kan verte litt smørjeproblem, då den nysnøen som er komen er tørr i høgda. Oppfordrar turgåarane å ta med skrape og litt ekstra smurning i sekken. Det blir råd med litt smøring før start.
I dag var det litt kald vind oppe, sjølv om det var sol innimellom. So alle må ha med godt med varme kle i sekken.
Elles kan vi nemne at vi har bankkort terminal ved start.
Ynskjer alle velkomne til årets Rypeskarrenn.
Her er litt info: arrangørliste, invitasjon, pressemelding
RYPESKARRENNET PÅSKEAFTA 26.docx
RYPESKARRENNET 2016 INNVITASJON.docx
Skulle det vere nokon (til dømes i arrangørstaben) som ikkje har anledning å gå påskeafta,er det fullt mogleg å få registrere seg likevel. Det er berre å gå, so ta kontakt med Berit Aasebø Hauge som styrer registreringa,so ordnar det seg. Kjekt visst flest mogleg registrerar seg og er med og støtta arrangemanget og dei fine oppkøyrde løypene. God tur!
Rypeskarkongen vår, Odd-Bjørn Hjelmeset. Usikkert om han stiller i år, men kanskje....
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.