Fin friidrettsdag i Trivselshallen
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 19. Jan 2025
60 deltakarar var påmelde til Trivselshalleikane 2025. Ikkje alle påmelde stilte på, då det ser ut til å vere litt sjukdom mellom ungane for tida, men det vart ein fin friidrettsdag likevel.
Resultata finn du her: Start Lists / Results | Trivselshalleikane 2025
Eller her: Resultat Trivselshalleikane 2025 ajour II.pdf
Beste resultat var det nok Erlend Grytten Sunnarvik (biletet) frå Florø som stod for. Han stiller i 17-årsklassa, og sesongdebuterte i lengde med ny pers, 6,91 meter. Han var så vidt innom å tenkte høgt kring Gloppens eigen Ole Morten Mardal sin aldersrekord på 7,02 m, og den kan nok ryke ved eit seinare høve. Men alt i alt ein godt nøgd florøværing som hadde ein flott sesongstart.
Elles er det dei yngste som dominerer slike stemne, og for mange var det nok første gong på konkurranse. Alle som var med fekk deltakarmedaljer.
Brodd, STIL og Fjellhug/Vereide stod som arrangørar, og sjølv om det ikkje blir kroner i kassa av stemne som dette, der dei fleste deltakarane er heimehøyrande i arrangørklubbane, er det likevel eit viktig stemne både for klubbar og deltakarar. Det er kjekt med litt konkurransedeltaking midt i all vintertreninga. Og mange er godt nøgde med å konkurrere med seg sjølv, og kanskje setje nye persar.
Kulefunksjonærane var flott oppkledde i Brodd-drakter.
9 av Krinsdommaraspirantane som gjekk kurs i 2024, tok avslutting av opplæringa med praksis i dag. No kan Bjarne Hauge , Lars Kjetil Gloppestad, begge Fj/V, Matt Brown, Sondre L Gjelsten, Sigbjørn Lekva og Ole Dan Fuglestrand, alle STIL, og Heidi Kjos Sunde, Sigrid Støfringsdal og Merete Slåtten, alle frå Jølster, kalle seg krinsdommarar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer

Trivselshalleikane 2025
09.01.2025

Friidrett: Innandørstreninga startar tysdag
09.10.2024

Flott basarresultat
03.10.2024

Gloppen Halvmaraton - Løypetrase, med profil
30.09.2024