Mathias Nesgård med sterk 4.plass
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Aug 2022
Mathias med sterk 4.plass i det internasjonale Stranda Fjord Trail Race som gikk av stabelen i helga.
Sverre Nesdal Aske deltok også, ilag med en del andre gloppere også; Ørjan Brunstad, Irene Svindal, Trude Eimhjellen, Arild Horntvedt, Torbjørn Brandsæter og Lars Otto Alme. Torbjørn kom på 3.plass i 48K km!!! Ørjan på 6.plass på samme distanse.
Resten av gjengen løp 25K distansen. Irene og Trude gjorde også solide løp. Det var svært krevende forholde med sleipt og gjørmete føre. Men det var flere som persa seg tidsmessig i forhold til i fjor.
NM/ Gloppen Halvmaraton - Funksjonærliste
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 29. Jul 2022
Fjellhug/Vereide il har no sett opp funksjonærliste for NM/ Gloppen Halvmaraton (Det vil seinare bli laga eiga liste for vakthald ved løypa, pluss liste for parkering og oppsetting av reklame/arena-funksjonærar).
Vi ønskjer å ha ein god stab med funksjonærar, ut frå at det er betre med to for mange enn ein for lite. Eit NM er eit "prestisje-arrangement", der vi må gjere alt vi kan for at det skal vere prikkfritt. Det greier vi med tilstrekkeleg bemanning, og gode funksjonærar.
Ved dette arrangementet har leiarane fått sjølvstendige oppgåver, noko som har letta mykje på førebuingsarbeidet, og dei har gjort ein svært god jobb så langt, noko som eg er sikker på vil vare til over meisterskapen. Friidrettsgruppa er svært takksame for alle som stiller opp, og med godt humør :-) !
Trekking av gåvepremiar
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Jun 2022
Vi har ein del gåvepremiar som vi har trekt mellom trimmarar og funksjonærar på Svinestranda Opp. Vinnarar vart:
1. Stor bag: Jon Slagstad
2. Belte laga av klatretau, frå Upscale: May Britt Sægrov
3. Bag + termos, gjeven av Accountor: Marit Myklebust
4. Ryggsekk frå SSF: Oddgeir Leirgul
5. Hue Friidrett: Lilly Svidal Sande
6. Hue Friidrett: Tuva Øygard
7. Hue Friidrett: Sivert Gloppestad
8. Liten barnesekk: Live van Duinen
9. Liten barnesekk: Ane Svidal Sande
Bilete i GALLERI frå dagens løp
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Jun 2022
Ein del bilete frå Svinestranda Opp i dag.
Vi hadde ein fotofraf i sving ute i løypa, så her kjem nok meir bilete seinare..
Svinestranda Opp2022 i flott sommarver
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Jun 2022
Med 31 førehandspåmelde løparar vart det ikkje noko rekordfelt frå Sandane mot Svinestrandstoppen.
Likevel; det vart ein fin dag for funksjonærar, trimmarar og konkurranseløparar. I år debuterte vi med elektronisk tidtakarsystem, noko som har vore etterspurt lenge. Vi har vel vore rekna som nokre sinkar i arrangørklassen så langt. EQ Timing virka greitt, bortsett frå at vi i oppsettet hadde gjort ein feil som gjorde at tidene ikkje gjekk direkte ut på nettet.
Asgeir Årdal i SFFIK ordna opp i dette raskt, og før deltakarane var komne ned igjen til Austrheimsstølen for premieutdeling, låg resultata på nettet. Neste gong skal vi greie dette 100%!
Geir Steig frå Luster vart vinnar i herreklassen, og hadde best tid av samtlege. Tida hans var 52,23. Beste tid i dameklassen hadde Charlotte Watson, Varegg med tida 66,32. Begge desse hadde delteke på Storehesten Opp i går, så det går fint med to tøffe løp på to dagar!
14 år og yngre starta på Austrheimsstøylen, og her stilte 9 deltakarar i ulike aldrar opp. 13-åringen Maria Klakegg frå Jølster var einaste jente, og fekk også beste tid, med sine 28,38. Ei god tid på den lettbeinte jølsterjenta!
Resultat frå Svinestranda Opp 2022:
Rank | Startnumber | Firstname | Surname | Club | Class | |
1 | 24 | Nicolai Aske | Granheim | Fjellhug Vereide | Gutar 15-17 | 68,33 |
2 | 2 | Sindre | Fjellestad | Fjellhug Vereide | Gutar 15-17 | 68,48 |
1 | 3 | Ada Johanne | Borgund | Eid il ski | Jenter 15-17 | 83,25 |
1 | 4 | Charlotte | Watson | Varegg Fleridrett | K23-34 | 66,32 |
1 | 6 | Irene | Svidal | Stil | K40-44 | 67,03 |
1 | 7 | Trude Elin | Eimhjellen | Sandane Turn og Idrettslag | K50-54 | 80,18 |
1 | 10 | Geir | Steig | Luster IL | M23-34 | 52,23 |
2 | 12 | Mark | Purkis | Varegg Fleridrett | M23-34 | 53,06 |
3 | 1 | Erlend Øvereng | Bjøntegaard | IL Bevern - Friidrett | M23-34 | 54,46 |
4 | 8 | Vegard | Skrede | Hardbagg IL | M23-34 | 57,53 |
5 | 11 | Ørjan | Brunstad | Fjellhug/Vereide IL | M23-34 | 66,11 |
6 | 9 | Anders Olai | Grotle | BTS Idrett | M23-34 | 72,25 |
1 | 14 | Gisle | Skjølberg | Bremanger IL / Bremanger Motbakkelag | M45-49 | 69,51 |
2 | 15 | Arild | Horntvedt | IL Brodd | M45-49 | 70,41 |
3 | 13 | Edvard | Fjellestad | Fjellhug/Vereide IL | M45-49 | 78,39 |
1 | 16 | Henry | Hammersland | Gloppen Friidrettslag | M60-64 | 66,41 |
1 | 17 | Arne | Myklebust | Sandane Sykkelklubb | M65-69 | 85,29 |
1 | 23 | Trym Dalset | Lødøen | Haugen IL | Menn junior | 55,11 |
2 | 19 | Mathias | Nesgård | Fjellhug/Vereide IL / Fjellhug/Vereide | Menn junior | 58,06 |
3 | 18 | Mathias | Sandal | BYRKJELO | Menn junior | 74,40 |
4 | 20 | André Aske | Granheim | Fjellhug/Vereide IL | Menn junior | 77,23 |
Austrheimsstøylen - Svinestranda | ||||||
1 | 103 | Fillip Mardal | Fuglestrand | Sandane Turn og Idrettslag | Gutar 10 og 11 | 33,36 |
2 | 107 | Marius | Svidal-Sande | SANDANE | Gutar 10 og 11 | 41,03 |
3 | 110 | Oliver Eliah | Gjelsten | Stil | Gutar 10 og 11 | 38,54 |
4 | 111 | Even | Gule | Fjellhug/Vereide IL | Gutar 10 og 11 | 42,40 |
5 | 112 | Nikolai | Gloppestad | Gutar 10 og 11 | 41,02 | |
1 | 104 | Jørgen | Sandal | Breimsbygda IL | Gutar 12 og 13 | 30,07 |
1 | 101 | Ulrik Sægrov | Øygard | Sandane Turn og Idrettslag | Gutar 8 og 9 | 32,13 |
2 | 109 | Vetle | Roth-Andenæs | SANDANE | Gutar 8 og 9 | 39,02 |
1 | 105 | Maria | Klakegg | Jølster IL | Jenter 12 og 13 | 28,38 |