Automatisk parkeringsinnkrevjing på Kleivane frå 25.11.23

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Nov 2023

Gode brukar av Kleivane skisenter!

Frå og med 25.11.2023 går vi over til ny elektronisk parkeringsløysing som nyttar automatisk skiltgjenkjenning utan bruk av fysisk bom for parkering på Kleivane. Det er selskapet Finter AS som leverer parkeringsløysinga for oss og nettsida som handterer brukarar og abonnement heiter www.youpark.no .

Korleis fungerer parkeringsløysinga?

Kvar personbil som køyrer opp til Kleivane, vert registrert via automatisk skiltgjenkjenning. Om du parkerer på Kleivane utover 30 minutt, vert du registrert som parkert og må betale for enkeltparkering om du ikkje har årskort eller klippekort. På www.youpark.no kan du opprette deg ein brukar for å kjøpe årskort, klippekort eller handtere enkeltparkeringar raskt og enkelt. 

Korleis kome i gang?

Gå inn på www.youpark.no og trykk på «Parkering» og søk opp «Kleivane skisenter». Her skal du velje type abonnement du ynskjer eller opprette ein brukar for enkeltparkeringar. Herifrå får du vidare instruksjonar når du har valt type abonnement. Har du ikkje ein bruker hos YouPark frå tidligare, blir du beden om å opprette dette før oppretting av abonnement/årskort.

Abonnement og prisar

•    Årskort– kr 700 ,-

•    Klippekort 10 parkeringar – kr 500 ,-

•    Enkeltparkering inntil 1 døgn – kr 60 ,-

•    Årskort allereie betalt for 2023 – gratis

I tillegg er det særlege abonnement for grunneigarar og frivillige i Fjellhug/Vereide IL. 

Alle abonnement er gjeldande for eitt -1- køyretøy. Om du ynskjer å bytte køyretøy som ditt abonnement gjeld for, kan du gjere dette sjølv på www.youpark.no . Dette kan du gjere så ofte du sjølv vil, men ikkje oftare enn kvar tredje dag. Det vil seie at det tek tre -3-  dagar før nytt køyretøy vert registrert og du kan nytte dette køyretøyet til å parkere på Kleivane.

Når abonnementet ditt går ut, får du varsel på e-post og sms at du må fornye abonnementet ditt sju -7- dagar før utløp.

Betaling for enkeltparkeringar

Om du ikkje har abonnement (årskort eller klippekort), så betalar du for ei enkeltparkering; 60 kr for kvar gong inntil eitt -1- døgn. Du må betale innan 48 timar etter utkøyring frå Kleivane for å unngå faktura med fakturagebyr. Du må då opprette ein brukar på youpark.no for å kunne betale. Om du veljer å opprette «betalingslenke» som betalingsmetode på brukaren din, vil du neste gong motta en SMS når du passerer bommen neste gang. Trykk på lenken, og ditt registreringsnummer vil være automatisk utfylt, velg deretter om du ønsker å betale med VIPPS, kort eller forhåndsgodkjent faktura. 

OBS: Det er ikkje mogleg å registrere ei passering på eit abonnement i etterkant av passering, så du må  sjekke at rett køyretøy er registert på abonnementet

Spørsmål i samband med oppretting av abonnement eller passering

Har du spørsmål eller meiner noko er feil i samband med passeringar, ta kontakt med kundeservice:

Kontaktskjema på www.youpark.no, telefon 470 00 700 eller e-post kundeservice@finter.no 




KM Halvmaraton - resultat

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Okt 2023

 Atle Kristian Dahlgren Hornes vart krinsmeister i MV50-54

KM i halvmaraton var i år lagt inn i Gloppen Halvmaraton.  Her kunne deltakarar som registrerte seg i klubb som er medlem i friidrettskrinsen delta, og få gull, sølv og bronsemedalje.

Det var mangelfullt med deltakarar under medaljeutdelinga, så det var kanskje ikkje alle som hadde fått med seg informasjonen om dette.  Her er i alle fall resultatlista:










Krinsmeisterskap Halvmaraton Sogn og Fjordane Friidrettskrins


Arrangør: Fjellhug/Vereide il




Innlagt i Gloppen Halvmaraton 7. oktober 2023










KlasseRankStartnrFørenamnEtternamnKlubb
Tid
Kv. Sen.132ToraHaalandStadlandet il
01:44:08

223Ida KristineEikenesHyen IL
01:51:34








K35-39117RenateBergheimBreimsbygda IL
01:56:51








K40-44120May-BrittSægrovStil
01:47:27
K40-44222TanjaSkinloBreimsbygda IL 
01:52:24








Menn jun248MagnusReite-BjellaasJølster IL
01:18:25

154MathiasNesgårdFjellhug/Vereide IL
01:22:38

3102DanielEikåsStryn T og IL
01:33:29








Menn sen143Thomas SchjøttHannevigMåløy IL  
01:19:17

126MatiasNavelsakerEid IL / Eid IL ski
01:21:07

193VegardVegsund SyversenFørde IL
01:27:13








MV35-39189ØrjanSkilbreiLærdal IL 
01:17:28

229HåvardGimmestadSandane Turn og Idrettslag
01:20:38

342ErikGotteberg EideMåløy Idrettslag
01:28:11

475SvennSørstrandMåløy IL
01:28:20








MV40-441104SteinarThorsenMåløy IL
01:22:57

2125AhmedHersiIL Brodd
01:35:39

382Jan ErikHildingFørde IL
01:36:37

436ØysteinRindeFjellhug/Vereide
01:46:53
















MV45-49196AndersBjørkhaugFørde IL
01:23:17

2105Hans JakobWalnumSogndal IL
01:28:33

391Herman MyrenGrøndalLærdal IL
01:32:47

4113BjarteEspelandTambarskjelvar, IL 
01:39:30

51MarcusVedelerEid IL
01:55:46








MV50-54195Atle Kristian DahlgrenHornnesFørde IL
01:34:48

2110Hans MagnarHansenFørde IL
01:54:48

3119Sivert JanOmmedalHyen IL
02:19:12

498TorjeBjellaasJølster IL
00:00

553Kim ØivindLarsenEid IL
00:00








MV55-59194BjarteReedFørde IL
01:26:58

27Leif ErikBuhaugLærdal IL 
02:10:04

310Ulf-MagneEikåsStryn T og IL
02:14:43








MV65-69187RunePettersen TysseFørde IL
01:36:49

24Hans OleEideMåløy Idrettslag
02:04:09



Nye påmeldingssystem

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jan 2023

 iSonen | Bli arrangør

iSonen er eit påmeldings- og betalingsverkty for idretten (alle idrettar).  Det er utvikla i tett samarbeid med idretten sjølv.  Fjellhug/Vereide il nytta systemet for påmelding ved årets Trivselshalleikar, og vi er veldig godt nøgde med iSonen.  Så lenge klubbar og foreldre held seg til fristane for påmelding, er systemet flott.  Det er kopla opp mot medlemsregister, og ein får såleis også sjekka at dei som laget melder på, og betalar for på stemne, er medlemer (utan medlemskap blir påmeldinga stoppa).


Norway Open Track er eit arrangementssystem for friidrett, som erstattar FriRes, eit system som har vore nytta i utallige år. Open Track vart for alvor rulla ut no frå nyttår, og sjølv om ein stadig jobbar med å forbetre  og oppdatere systemet, er det godt brukane.  Vi nytta også dette under Trivselshalleikane, og med god hjelp frå krinsen, hadde vi godt utbytte av det.  Kanskje kan det forbetrast på resultatsidene, men det er også under utvikling.


EQTiming er eit terminliste-, påmeldings-, og arrangementssystem for m.a. friidrett (løp) utanfor stadion. Det blir også mykje nytta til ski og sykkel. Fjellhug/Vereide fhar nytta det på KM Terrengløp, Svinestranda Opp og Gloppen Halvmaraton.  Eit flott system, som m.a. nyttar seg av automatisk tidtaking og mellomtider gjennom avlesing av brikker i startnummera.  Dermed er resultata klare så snart ein løpar passerer mellomstasjonar og mål, og kan følgjast direkte på internett.


Felles for dei nye systema er at registrering skal skje fortløpande når resultata blir oppnådde.  Deltakarar og publikum forventar oppdaterte resultat i notid; det er slutt på tida då ein las resultat i avisa ein dag eller to i etterkant av stemnet, eller som det har vore dei siste ti åra: Ein går inn på ei heimeside om kvelden for å finne om arrangøren har fått ut resultata på nett. Her har vore ei utruleg utvikling på området, og vi som klubb har ei forplikting til å hange med i svingane...




Trivselshalleikane: Fine resultat for gutane og jentene

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jan 2023

Deltakarane frå Fjellhug/Vereide, i alt 8 i talet, hadde det kjekt på Trivselshalleikane, og fekk mange fine resultat.  Sett opp mot krava for Friidrettsmerket for barn, som er tenkt som eit insitament for dei som er i barneskulen, greidde alle krava til eit merke i bronse, sølv eller gull.  Resultata har dei også gode sjansar til å forbetre når vi kjem på bane utandørs, og merka vil bli delte ut på basaren til hausten.

Av resultata kan vi nemne (rekkefølgje 60m - lengde - høgde - kule):

Sigve Kristiansen:   9,98 - 3,23 - 1,05 - 5,77

Kerem Turkoglu:    10,89 - 2,94   (60/L)

Mateo Lindvik:        10,49 - 3,04 - 5,77 (60/L/K)

Askil Fjellestad:       10,89 - 2,92   (60/L)

Hans Fredrik Gloppestad: 11,31 - 2,85 - 0,95 - 4,80

Ea Nyhammer:        11,32 - 2,99  (60/L)

Sara Skogli:             11,32 - 2,70 - 1,10 - 5,75 

Ida Fjellestad:          10,04 - 3,36

Flinke deltakarar!




Triveleg i Trivselshallen

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Jan 2023

Trivselshalleikane i dag, med 80 store og (flest) små på startstreken. God stemning, flinke funksjonærer, blide foreldre og lagleiarar;kan det bli betre?

Jotun kom heilt frå indre Sogn med største troppen, heile 12 friidrettsgutar og - jenter. Flott gjeng!

Tusen takk til alle funksjonærane som hjelpte til! Det kan seiast ganske enkelt: Utan dykk hadde det ikkje blitt stemne for dei håpefulle ungane. Takk også til krinsleiar Asgeir Årdal  i SFFIK!

Arrangørane Fjellhug/Vereide il, STIL, og Brodd fekk mange gode tilbakemeldingar frå dei frammøtte, og det tek vi også med oss.

Resultat: https://data.opentrack.run/nb/x/2023/NOR/trivsel-23/event/










Tidsskjema Trivselshalleikane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Jan 2023

Tidsskjema for Trivselshalleikane i morgon, laurdag, ser slik ut pr. no.  NB: Det kan bli små endringar, det legg vi evt.  ut her i løpet av kvelden.

Sidan tilløpet for lengdegropa er ein del av løpebana, kan ein ikkje starte lengde før 60 m er ferdig.  Difor vil denne øvinga dra litt lenger ut i tid enn dei andre øvingane. Men då kan ein til gjengjeld få ein god heiagjeng rundt lengdegropa!

Medaljer til alle utøvarane, vi skal prøve å finne ei ledig stund i øvingsprogrammet slik at alle får sine medaljer i litt samla flokk.

Møt fram i god tid, slik at de har fått på startnummera, og er klare til øvingane startar.  60 m er ganske tettpakka, så den går fortløpande i rekkefølgje som oppsett på tidsskjemaet, utan så mykje fokus på tidsskjemaet.  Dette for å bli ferdige så fort vi kan, slik at lengde får starte opp. Opprop 60 m ved inngang til sprintbana.

Tidsskjema 2023 II.xlsx

Tidsskjema


Trivselshalleikane, Trivselshagen på Sandane, laurdag 14. januar
Arrangørar: Fjellhug/Vereide il, Sandane T&IL, Il Brodd

I Lengde og kule er der 3 forsøk.


() = antal deltakarar i kvar "pulje".


Klokka60 mLengdeHøgdeKule
12:00

13:00


G 08/09         (4)
J 15 og eldre (8)




G14-16       (3)
13:05G10               (4)


13:10G11       (11, 3 heat)


13:15

G10/11 (6)
13:20G12       (10, 3 heat)

J 16 og eldre   (3)
13:25



13:30G13/14            (4)


13:35G15/16            (2)

G10/11  (9)
13:40G18/19,Sen./Veteran (3)


13:45J8 og J9           (6)


13:50J10 og 11        (3)
G 12-16 (10)
13:55J12                   (8)


14:00J14 og J15     (6)


14:05
J 08/09/10/11 (8)

14:10



14:15


J10/11/12/14/15  (11)
14:20



14:25
G11/12    (17)

14:30



14:35



14:40



14:45



14:50

J alle klassar (10)
14:55



15:00


G12/13/   (10)
15:05
G 08/9/10   (8)

15:10



15:15



15:20



15:25



15:30



15:35
G13 og eldre (8)

15:40



15:45



15:50
J12/14/  (9)

15:55









































Ta Trenarattesten (obligatorisk)

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Jan 2023

Trenarattesten er, etter tingvedtak på Idrettstinget 2021, obligatorisk for alle som trenar born.  

Set av 10-15 minutt på å gjennomføre attesten

Link: Trener (idrettsforbundet.no)




Friidrettsmerka for barneskuleelevar

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Jan 2023

Friidretten har nokre merke for dei som i løpet av året oppnår resultat i ulike øvingar. Kva klassetrinn ein går på er ikkje viktig, så dette passar for alle.  Rekk ein ikkje merket i år, er det same kravet til neste år, då er du eit år eldre, og har enno betre sjanse.

Laurdag 14. januar (kl 13.00) har vi årets første stemne i Trivselshallen. Der kan gutane og jentene i Fjellhug/Vereide prøve seg på nokre av øvingane (60m. lengde, høgde og kule).  Sjå om påmelding litt lenger ned på sida.

Om nokon under 10 år greier krava til merke, skal dei få det om dei ønskjer!  Utdeling vill bli på basaren til hausten.






Meld deg på Trivselshalleikane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Jan 2023



Vi minnerom Trivselshalleikane i Trivselshallen laurdag 14. januar.  

Start kl 13.00

For alle som er 8 år (f.2015) og eldre.

Øvingane er: 60 m - lengde - høgde - kule, og litt ulikt etter kva aldersklasse ein er i.  Sjå innbydinga i iSonen;  iSonen | Trivselshalleikane 2023 

Foreldra melder på sjølve, eller tek kontakt med leiar i friidrettsgruppene i dei ulike idrettslaga. Påmeldingsfristen er onsdag 11. januar.

NB! Ver merksame på at ein har medlemskapen i idrettslaget i orden. Lisens for 13 år eller eldre må også vere betalt. Lisens (friidrett.no)