Gloppetrimmen er i gang igjen!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Apr 2024

 Vi skulle teke nye bilete i kveld, men det vart gløymt.  Då får vi bøte på det med å bruke eit frå 29. april 2009, det første Gloppe-Trimløpet i historia.Av dei som var med i dag, fann vi også Håkon Hjelle Roset på opningsdagen. Då var han 9 år, og sprang 2 -kilometeren på 12,11.  Vi har ikkje liste over dei som trimma utan tidtaking i 2009, men at Marit Apalset var der, akkurat som i dag, og absolutt alle trimkveldar desse åra i mellom, er heilt sikkert.  

Her kjenner vi igjen Atle Søreide, som framleis er sjefsskrivar, Jan Ivar Rise, Nils Ove Roset, Ivar Brun, Jorunn Fortun og Ragnhild Eimhjellen.Ingrid og Håkon Roset er kanskje dei to borna i midten, og bakerst Håvard (?) Holvik.

Kveldens namn og tal: 

EtternamnFornamn Tid 
ApalsetMaritx
BakkelidAnjax
BakkelidAnne Kristinx
BakkelidHeidix
EngelstadInger Lisex
EngelstadIvarx
FeldeRandi Skådenx
FeldeVegard Skådenx
FossheimElisabethx
GausdalPer Olax
GimmestadKristinx
HellerudØystein24,12 (4 km)
HonningsvågLars Helge8,50  (2 km)   
KlakeggKatrinx
Lothe RådSvein-Stein Steinarx
LundarUna Ingeborg Gaasemyrx
MardalAne Johannex
MardalHans Christianx
MardalKjetilx
MardalLars Magnusx
MoritsgårdMikkel Seimx
MyklandAnitax
NetlandAud Karinx
NyhammerDagfinnx
NyhammerMargitx
PedersenBjørnarx
Rasmussen Marius Fossheim x
RosetHåkon Hjelle17,58 (4 km)
RosetÅshild x
RyggSiv Øiestadx
RyggTor Bjartex
RyssdalRandix
RådArildx
SandalKjell Runex
SandalPaul Kristianx
SandeKjell  x
SeimAudx
SeimMarix
SkådenMariannx
SolheimEva Helenx
SørheimAnita21,48 (4 km)
SørheimLars Andreas Honningsvåg8,50 (2 km)   
Tystad Kjellfridx
UndertunPål Asbjørnx
AaBertinex



KM Terrengløp 13. april - Fj/V arrangerer på Myra

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Mar 2024


Fjellhug/Vereide il inviterer til KM Terrengløp 2024

Fjellhug/Vereide Il inviterer igjen til KM i terrengløp på Sandane.  

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (bark/grus), ei lettkupert løype, der ein full  runde er 1800 m. Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt:      Lørdag 13. april, kl 15.00. 

Klassar og distansar:

- G/J 13 og 14 år:                     600 m

- G/J 15 og 16 år:                     1200 m

- G/J 17 og 18 år, Menn/kvinner junior (19 og yngre), KS og MV65+:  1800 m

- Menn senior og MV35-MV60:  3600 m

Påmelding: Via nettet på EQ Timing   KM Terrengløp S&Fj 2024 (eqtiming.com)

Påmeldingsfrist: 10. april.

Påmelding etter fristen, og inntil ein time før start: Tilleggskontingent: kr. 100

Startpengar:

* 13-14 år: kr. 60,- 

* 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fristen: kr. 200,-)

Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens (Sidan startpengane går opp for 15 og eldre til 200,- etter ordinær påmeldingsfrist, går også lisensen automatisk opp frå kr. 20,- til kr. 30,-)

* Startpengar og lisens blir automatisk trekt frå konto ved påmelding (kontonr. arrangør: 3705.33.01917

 

Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa.  Næraste er i Trivselshallen, open til kl 17.00.  Toalett i startområdet.

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse 

Parkering: Kommunen har godkjent parkering på grusbana på Myra under stemnet, så det er lov å køyre opp.




Årsmøte 2024

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Mar 2024

Styret ynskjer alle hjarteleg velkomne til årsmøte 2024 i Fjellhug/Vereide IL. 

Møtet vert helde i Gimle torsdag 21. mars kl. 19.30. 

Vanlege årsmøtesaker vert handsama. 

Lett servering. 

Vel møtt!

Årsmelding for 2023 finn du på lenka. 

Andre årsmøtedokument vert sendt ut til medlemmane på e-post via medlemsregisteret. Har du ikkje fått dei, kan du sende ein e-post til fung. leiar Karoline Bjerkeset på kab@sp.no, så får du dei tilsendt. 




50 med på Kleivanerennet

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 25. Feb 2024


I alt 50 løparar stilte opp på Kleivanerennet 2024. Stemnet var også KM for Sogn og Fjordane frå 13 år og oppover.

Det var fine forhold, med eit nysnølag som kom i natt, og til dels sol under arrangementet. 


Resultat frå rennet finn du her: SSF Cup Kleivanerennet 2024 (eqtiming.com)





Kleivanerennet, med innlagt KM for Sogn og Fjordane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Feb 2024


Fj/V ynskjer alle velkomne til Kleivanerennet 25. februar 2024!


SSF Cup Kleivanerennet 2024 er teljande i SSF-Cupen for junior og rekrutt (11-16 år).


Grunna avlysning av KM Klassisk tidlegare i vinter blir Kleivanerennet lagt inn som KM Klassisk 2024. KM er gjeldande for klassane 13 år og eldre jf. NSF reglement.


Start  
kl. 12:00 med 30 sek intervallstart.


Henting av startnummer: 
I hytta frå kl. 11:00


Premieutdeling:
100% premiering i tillegg til KM medaljar

Kiosk
Automatisk P-avgift via Youpark, kr 60.-
Rennleiar: Jonfinn Aske
Ynskjer alle velkomne til ein kjekk KM søndag på Kleivane.