KM Terrengløp 13. april - Fj/V arrangerer på Myra

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Mar 2024


Fjellhug/Vereide il inviterer til KM Terrengløp 2024

Fjellhug/Vereide Il inviterer igjen til KM i terrengløp på Sandane.  

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (bark/grus), ei lettkupert løype, der ein full  runde er 1800 m. Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt:      Lørdag 13. april, kl 15.00. 

Klassar og distansar:

- G/J 13 og 14 år:                     600 m

- G/J 15 og 16 år:                     1200 m

- G/J 17 og 18 år, Menn/kvinner junior (19 og yngre), KS og MV65+:  1800 m

- Menn senior og MV35-MV60:  3600 m

Påmelding: Via nettet på EQ Timing   KM Terrengløp S&Fj 2024 (eqtiming.com)

Påmeldingsfrist: 10. april.

Påmelding etter fristen, og inntil ein time før start: Tilleggskontingent: kr. 100

Startpengar:

* 13-14 år: kr. 60,- 

* 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fristen: kr. 200,-)

Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens (Sidan startpengane går opp for 15 og eldre til 200,- etter ordinær påmeldingsfrist, går også lisensen automatisk opp frå kr. 20,- til kr. 30,-)

* Startpengar og lisens blir automatisk trekt frå konto ved påmelding (kontonr. arrangør: 3705.33.01917

 

Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa.  Næraste er i Trivselshallen, open til kl 17.00.  Toalett i startområdet.

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse 

Parkering: Kommunen har godkjent parkering på grusbana på Myra under stemnet, så det er lov å køyre opp.




Årsmøte 2024

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Mar 2024

Styret ynskjer alle hjarteleg velkomne til årsmøte 2024 i Fjellhug/Vereide IL. 

Møtet vert helde i Gimle torsdag 21. mars kl. 19.30. 

Vanlege årsmøtesaker vert handsama. 

Lett servering. 

Vel møtt!

Årsmelding for 2023 finn du på lenka. 

Andre årsmøtedokument vert sendt ut til medlemmane på e-post via medlemsregisteret. Har du ikkje fått dei, kan du sende ein e-post til fung. leiar Karoline Bjerkeset på kab@sp.no, så får du dei tilsendt.