Informasjon om barneidrett

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Mai 2017

Idrettskrinsen har informasjon om barneidrett. Les, og sjå video, her:

https://www.idrettsforbundet.no/Nyhet/idretten-lan...



Barneidretten startar opp etter haustferien

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Okt 2016


Barneidrett

Barneidretten har fokus på leik og moro med fysisk aktivitet. Tilbodet er for barn frå 0 år til og med fjerde klasse.

Mellom haustferie og påske har vi følgjande treningstider i gymsalen på Folkehøgskulen og
på Nordstranda skule:


• 3-5 år: Tysdag kl 17-18, Nordstranda skule, oppstart 18.10
• 1-4 klasse: Tysdag 18-19, Nordstranda skule, oppstart 18.10

• 0-5 år: Torsdag kl 17-18, Folkehøgskulen, oppstart 20.10



Info frå Idrettskrinsen

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Jun 2016

Frå friidrettsdagen for Nordstranda Skule


Her er litt informasjon å tygge på frå Idrettskrinsen. Tippar at opptil fleire klubbar og grupper kan ta ein runde med seg sjølv på enkelte punkt.

Utan å kjenne gruppene 100% føler eg at vi i Fjellhug/Vereide har (nesten) det meste på plass.


https://www.idrettsforbundet.no/tema/barneidrett/s...



Gloppen Handball og Friidrettsskule 2015 – Gloppen friidrettslag /GHK

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Mai 2015




Det blir Friidretts- og handballskule i sommar. GFIL og GHK er gått saman om eit dette. Dei håpar på god respons frå alle som vil ha ein positiv aktivitet i skuleferien!

Her er infoen som er sendt oss:

Sparebanken Gloppen Friidrett og Handballskule 2015.

23 – 24 og 25 juni på Sandane

No kan du melde deg på!
I år skal Gloppen Friidrettslag og Gloppen Handballklubb med Ragnhild Ryssdal i spissen vere arrangør av handball og friidrettskule for born. Det vert aldersgruppa 1.-7. klasse som skal få delta, 23 – 25 juni. Påmeldingsfristen er satt til mandag 15. juni.

Prisar: kr. 700,- p.p. Søskenrabatt: 2 born kr. 1300,- og 3 born 1900,- Alle får frukt og drikke alle dagar, samt grilling siste dag. Alle får deltakarpremie for gjennomført Handball og friidrettskule. No er det berre å melde på.

Påmelding med namn til deltakar, alder, namn på føresette, mobilnummer og e-post adresse, til niovero@online.no eller på mobil 41415380.



Velkomne !




Godt frammøte på Barneidrett i kveld

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Mai 2015




Flott oppmøte når Barneidrett hadde friidrett på programmet. 20 store og små, som fekk prøve seg i lengde og på løp. Stor innsats, og ein del var rimeleg trøytte då vi var ferdige.

Neste tirsdag er det Del II av friidrett for denne gjengen, og då må vi også prøve kast, i tillegg til lengde/løp. Etter nok ein tirsdag med Barneidrett (då skal dei ha O-løp), er det tid for friidretts-samtreninga mellom Fjellhug/Vereide og STIL, på Idrettsplassen. Det går til same tid: tirsdagar kl 18.00. Meir om den når vi nærmar oss.