Nye påmeldingssystem

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jan 2023

 iSonen | Bli arrangør

iSonen er eit påmeldings- og betalingsverkty for idretten (alle idrettar).  Det er utvikla i tett samarbeid med idretten sjølv.  Fjellhug/Vereide il nytta systemet for påmelding ved årets Trivselshalleikar, og vi er veldig godt nøgde med iSonen.  Så lenge klubbar og foreldre held seg til fristane for påmelding, er systemet flott.  Det er kopla opp mot medlemsregister, og ein får såleis også sjekka at dei som laget melder på, og betalar for på stemne, er medlemer (utan medlemskap blir påmeldinga stoppa).


Norway Open Track er eit arrangementssystem for friidrett, som erstattar FriRes, eit system som har vore nytta i utallige år. Open Track vart for alvor rulla ut no frå nyttår, og sjølv om ein stadig jobbar med å forbetre  og oppdatere systemet, er det godt brukane.  Vi nytta også dette under Trivselshalleikane, og med god hjelp frå krinsen, hadde vi godt utbytte av det.  Kanskje kan det forbetrast på resultatsidene, men det er også under utvikling.


EQTiming er eit terminliste-, påmeldings-, og arrangementssystem for m.a. friidrett (løp) utanfor stadion. Det blir også mykje nytta til ski og sykkel. Fjellhug/Vereide fhar nytta det på KM Terrengløp, Svinestranda Opp og Gloppen Halvmaraton.  Eit flott system, som m.a. nyttar seg av automatisk tidtaking og mellomtider gjennom avlesing av brikker i startnummera.  Dermed er resultata klare så snart ein løpar passerer mellomstasjonar og mål, og kan følgjast direkte på internett.


Felles for dei nye systema er at registrering skal skje fortløpande når resultata blir oppnådde.  Deltakarar og publikum forventar oppdaterte resultat i notid; det er slutt på tida då ein las resultat i avisa ein dag eller to i etterkant av stemnet, eller som det har vore dei siste ti åra: Ein går inn på ei heimeside om kvelden for å finne om arrangøren har fått ut resultata på nett. Her har vore ei utruleg utvikling på området, og vi som klubb har ei forplikting til å hange med i svingane...



Ta Trenarattesten (obligatorisk)

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Jan 2023

Trenarattesten er, etter tingvedtak på Idrettstinget 2021, obligatorisk for alle som trenar born.  

Set av 10-15 minutt på å gjennomføre attesten

Link: Trener (idrettsforbundet.no)



Viktig møte!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 25. Nov 2022

Hei

På vegne av Gloppen Idrettsråd og leder av Fjellhug/Vereide IL minner jeg om og oppfordrer til å delta på Stormøte i Trivselshagen tirsdag 29.november.

Det er et viktig arbeid som er startet.

 

Jeg ber dere formidle og oppfordre til deres grupper om å delta og ikke minst trenere og medhjelpere dere har med dere.

Else Margrethe Larsen

Leiar i Gloppen Idrettsråd/ Leiar i Fjellhug/Vereide Il




Flott resultat på Fjellhug/Vereide-basaren!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Nov 2022


Fjellhug/Vereide-basaren i Gimle på søndag ga eit storfint resultat.  Omlag 55 000 kroner er igjen når utgiftene er betalt.

Tusen takk til alle som har kjøpt lodd og årar; vi er SO takkasame for at de støttar opp om Fjellhug/Vereide il!

 



B A S A R !

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Okt 2022