Treningstider Volleyball

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Okt 2018

Volleyball:

Aldersbestemt volleyball: Gutter og jenter 6. - 10. klasse har trening tirsdager kl. 18.30 - 19.30 i Trivselhallen. Oppstart første tirsdag etter haustferien.



Seriemeistrar i 3.divisjon

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Mai 2016


Damelaget til Fjellhug Vereide vart seriemeistrar i 3. divisjon denne sesongen, 6 poeng framfor Svelgen på 2.plass og 15 poeng framfor Jølster som fekk 3.plass. Det vart ein sesong med 9 sigrar og 1 tap. Vi har vore ein god og kjekke gjeng med unge og litt eldre spelarar. No vert det spennande å sjå kva som skjer med laget neste sesong, om ein er klare til å satse i 2.divisjon igjen.

I starten av mai hadde vi ei flott treningsøkt med Oskar Raftevold på sandvolleyballbanene på Byrkjelo i knallfint sommarver.

Søndag 29.mai var det turnering i sandvolleyball på Byrkjelo. Fjellhug Vereide hadde med eit lag i dameklassen og to lag i JU17. Her vart det både sigrar og tap. Våre jenter har ikkje vore med å spelt kamp i sandvolleyball før so dette var god erfaring. Det er stor forskjell på å spele på eit lag med 6 spelarar på bana til plutseleg å vere berre to. Då lærer ein fort at ein må ta meir ansvar.


Eg har no takka for meg i styret (for denne gong) og leiarvervet er gått vidare til Malin Stubhaug. Eg har hatt mange kjekke år i Fjellhug Vereide si volleyballgruppe og vil råde andre til å bli med i Fjellhug Vereide sine grupper og dugnadsarbeid. Ein får sjansen til å gjere ein innsats for bygda ilag med mange trivelege folk.

Vi snakkast!

Ragnhild



Eit forrykande UM19 Volleyball NM er vel overstått!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Mar 2016

Som leiar i Fjellhug Vereide IL vil eg takke alle som har delteke på dugnadsinnsats og ikkje minst det gode samarbeidet mellom arrangørlaga Breimsbygda, Jølster og Fjellhug Vereide!

Fleire bilete finn du her


So gjer eg ordet til Øyvind Indrebø som sat i hovudkomiteen:

No er noregsmeisterskapen for juniorar historie.Det var eit arrangement som gjekk plettfritt, takka vere god planlegging, og ein utruleg dugnadsinnsats frå svært mange i dei tre idrettslaga som stod føre dette.

Mykje av det som skjedde kan ein lese om i Firda Tidend og Firda.I tillegg har vi fått ein omfattande rapport frå Noregs volleyballforbund, som interesserte kan få lese dersom ein ønskjer det.Vi kjem svært godt ut, og forbundet konkluderer med at dette er eit arrangement som bør danne mal for framtidige arrangement andre stader i landet.Vi er jublande glade for dette, og særleg for at vi har blitt oppmoda om å søkje fleire slike arrangement om nokre år, når vår krins på nytt står for tur.

Men som vanleg er det ingenting som går utan svært mange frivillige.Og som vanleg er det berre nokre personar som frontar heile arrangementet.Det er lett for utanforståande å tru at det er frontfigurane som skal ha mykje av æra.Men slik er detsjølvsagt slett ikkje.Som hovudansvarleg for dette arrangementet i Fjellhug/Vereide ønskjer eg sterkt å få peike på det arbeidet folk i vårt idrettslag stod føre. Utan alle desse – ikkje noko meisterskap – ikkje noko Sandanereklame – ikkje eit fint overskot i klubbkassa vår.

Det er all grunn til å takke Anvor Hauge som skaffa nattevakter, og alle nattevaktene som stilte opp med godt humør.

Det er all grunn til å takke Else Margrethe Larsen som hadde hovudansvaret for matnemnda, og alle dei som stilte opp for å få eit slikt stort arbeidsområde til å gå rundt.

Vi har ikkje gløymt Hildegunn og elevane ho hadde med seg til å pynte Trivselshagen til bankett.Så vakkert har det aldri vore i dei lokala før.Eg kjem ikkje til å gløyme laurdagskvelden når folk komtil bankett.Raud løpar og faklar utanfor, opp trappa og eit langbord dekka med 350 stettglas fulle av Mozell.Messinglysestakar med levande lys som spegla seg i alle desse glasa.Oppdekkinga til rundt 300 personar.Den perfekte oppvartinga, den fullkomne stilen.«Dette viser at de ønskjer å gjere ære på volleyballen, sa lagleiaren til Molde».Og det var nettopp det Hildegunn og dei flinke ungdomsskuleelevane fekk fram.

Og så er det all grunn til å takke Ragnhild Gimmestad, Bodil Hammersland og Malin Stubbhaug for organiseringa av dei 30 idrettselevane.Vi fekk svært mykje skryt frå tilreisande lag for reinhald alle stader.Som lagleiaren til KFUM Stavanger sa det: « Her er alltid reint og ryddig.Det er alltid papir, såpe – og reint på toaletta.Det blir til og med moppa i gangareala så vi slepp at masse skit og støv etter kvart blir trekt inn på banene.Når ein arrangør fiksar slike ting, då fiksar arrangøren alt.Det var langt å reise frå Stavanger, men vi kjem meir enn gjerne hit att om ikkje lenge». Desse orda har eg lagra i den snart 53 år gamle harddisken min.

Elles hadde vi folk som supplerte andre nemnder som Breimsbygda og Jølster organiserte.Takk også til dei.

I kontrakten mellom dei tre idrettslaga forplikta vi oss til samarbeid, romslegheit og masse godt humør.Nettopp dette skjedde. Tusen tak for det, og gratulerer med nettopp det. Eg vil avslutte med å sitere nokre punkt frå evalueringa leiar i konkurranseavdelinga i Noreg volleyballforbund, David Cox, kom med i evalueringsrapporten vi fekk om hende måndag 7. mars:

  • Dette var en av de aller beste arrangementene jeg har vært med på. Kan brukes som «modell» for andre arrangementer.
  • Anlegget med alle fasilitetene er av topp kvalitet og fremmer idretten på best mulig måte.
  • Arrangør besto av 3 klubber der samarbeide var både grunnmuren og mottoet for hele mesterskapet. Meget bra gjennomført.
  • Frivillige var alltid vennlige, hjelpsomme, service innstilt og klar til alle oppgavene som oppsto. Inntrykket er at det aldri manglet folk til de forskjellige oppgavene.
  • Arrangementet er meget godt forankret i kommunen som ønsker flere store arrangementer lagt til anlegget og kommunen. Dialog er i gang med næringslivet for å sikre muligheter til både nasjonale så vel som internasjonale arrangementer.

Heilt til slutt:Øystein Sunndal har gjort ein formidabel innsats. Det er lett å tenkje at det er ein del av jobben hans, men han har stått på langt ut over dette.Eg ønskjer at leiaren i Fjellhug/Vereide ved eit passande høve overrekkjer ein flott bukett eller liknande.Han fortener det.

Stor takk til alle frivillige i Fjellhug /Vereide IL som har lagt ned veker med arbeid, som toppa seg under sjølve meisterskapen.

Helsing Øyvind Indrebø




2016 NM U19 (Trivelshallen Sandane)

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Feb 2016

4. - 6. mars er Fjellhug/Vereide il medarrangør for NM U19 volleyball, som skal arrangerast i Trivselshallen.

Det er eit kjempearrangement, der Fj/V har fått mykje av ansvaret med matservering og overnatting. Mange frå klubben vil ha oppgåver desse dagane, der det truleg kjem 4-500 aktive til hallen og bygda. I tillegg lagleiarar, trenarar og andre. Kort og godt ei massemønstring, og kanskje største arrangementet i Trivselshallen til no.






NM for U19 til Sandane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Des 2015


Første helga mars skal Fjellhug Vereide i samarbeid med Jølster IL og Breimsbygda IL arrangere NM for U19 i volleyball. Det kjem 32 lag til Sandane og Trivselshallen, so då seier det seg sjølv at vi treng mange frivillege. Formålet med arrangementet er å fremje interessa for volleyball i Jølster og Gloppen, samt drive marknadsføring for distriktet generelt og Trivselshallen som idrettsarena spesielt. Dette blir ei knakande kjekke helg med masse god volleyball som vi håpar de i Fjellhug Vereide vil vere med på å arrangere. Merk av i kalendaren din allereie no! :) Ta gjerne kontakt med oss i volleyballgruppa eller Øyvind Indrebø om du vil bidra med dugnad.


Ragnhild