Frydenbø, Odd Bjørn og BYD!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Mai 2022
Frydenbø er ein av hovudsponsorane for NM/Gloppen Halvmaraton 2022. Odd Bjørn Hjelmeset er kanskje deltakar.
Då var det svært naturleg å ta ein liten fotoseanse på Frydenbø i Mona, der sjefen, Jo Inge Solberg og Odd Bjørn poserer med flaggskipet mellom elbilane i stallen: BYD Tang
Frydenbø Bil Sandane og Jo Inge har ein god filosofi overfor lag og organisasjonar som jobbar med born og ungdom: Å vere med å støtte friviljug innsats i bygda er ein positiv ting, som er vinn-vinn for begge partar. Dette set vi i idretten stor pris på!
Odd Bjørn fylte nett 50 år, og Fjellhug/Vereide il viste han litt merksemd ved å invitere han til haustens halvmaraton, der han skulle ha ein god sjanse til å bli noregsmeister i sin klasse. Han fekk seg også ei Fjellhug/Vereide t-skjorte med 50 på ryggen, ein rygg som vi glopparane reknar med han viser konkurrentane.
Takk til Frydenbø Bil for sponsorstøtte, og vil du lese meir om el-bilen BYD Tang, er det berre å følgje linken.
Friidrettstreninga startar opp på Vereide
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Mai 2022
Vi startar opp med friidrettstreningar tysdag 10. mai kl 17.30, ved løpebana på Vereide.
Treningsgruppa vert frå 2. - 6. klasse (8-12 år)
Vi håpar det vert god oppslutning om tilbodet vårt, slik at vi kan ha det fram til skuleferien. Vi skal også prøve å få til ei trening eller to på Byrkjelo, for å ha ein attraktiv treningsplass ein gong i blant.
For 13-åringar og eldre har Gloppen FIL trening, som går hovudsakeleg på Byrkjelo, og Loggane.
Breimstafetten 2022 - Fjellhug/Vereide il med to 5.plassar
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Mai 2022
Fjellhug/Vereide il stilte også i år med eit jentelag og eit gutelag i Breimstafetten. Dei gjorde ein fin innsats, og fekk kvar sin 5. plass.
Nydeleg ver ga ei god ramme rundt stafetten, og det var også bra med publikum. Vi håpar alle deltakarane syntes det var stas å delta på fylkets eldste stafett, og neste år skal vi gjere det enno betre!
Med på laga var:
Gutar | Jenter | |||
1 | Emil Melin | 13 | Nora Lundestad | 13 |
2 | Emil Opdal Håvik | 15 | Louise Berle | 12 |
3 | Karl Emil Østerby Hansen | 13 | Karoline Aske | 13 |
4 | Askil Fjellestad | 11 | Martine Vereide Heggdal | 13 |
5 | Markus Heggdal | 14 | Karoline Husevåg | 14 |
6 | Lars Berle | 11 | Hadil Alyoussef | 14 |
7 | Espen Drageset | 13 | Johanne Lindvik | 13 |
8 | Kevin Hauge | 12 | Esperanse Sengiyumva | 11 |
Samanlagt alder | 102 | Samanlagt alder | 103 |
Fjellhug/Vereide il sine lag på Breimstafetten
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Apr 2022
I morgon er det Breimstafett, og Fjellhug/Vereide stiller med eit gute- og eit jentelag. Det vil alltid bli endringar på det som vi først set opp, men "kvelden før kvelden" har vi laga slik du ser dei nedanfor.
Friidrettsgruppa håpar at alle kan møte med Fjellhug/Vereide-jakker/-genserar, slik at vi tek oss fint ut på defileringa. Har du ikkje sjølv, får du kanskje låne ei jakke/gensar.
Alle må møte ved Barnehagen på Reed ("Reed Skule") seinast kl 12.00. Då går vi ut og ser på etappane. Om etappefordelinga i morgon blir akkurat slik som i oppsettet , må vi sjå på då, men mest truleg får alle den etappen dei er sett opp på.
Fjellhug/Vereide sine lag på Breimstafetten: | ||||
Gutar | Jenter | |||
1 | Emil Melin | 13 | Nora Lundestad | 13 |
2 | Emil Opdal Håvik | 15 | Louise Berle | 12 |
3 | Karl Emil Østerby Hansen | 13 | Karoline Aske | 13 |
4 | Askil Fjellestad | 11 | Martine Vereide Heggdal | 13 |
5 | Markus Heggdal | 14 | Karoline Husevåg | 14 |
6 | Lars Berle | 11 | Esperanse Sengiyumva | 11 |
7 | Espen Drageset | 13 | Johanne Lindvik | 13 |
8 | Kevin Hauge | 12 | Hadil Alyoussef | 14 |
Samanlagt alder | 102 | Samanlagt alder | 103 |
Reservar gutar: Sander Føleide og Elias Tystad, + evt. andre som stiller på. Jenter: Ingen.... Reservane får sjølvsagt vere med på defileringa!
KM Terrengløp - svært svak deltaking
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 29. Apr 2022
Maria Klakegg, Jølster vann gull i 13-årsklassen, medan Aurora Svalheim, STIL, tok sølvmedaljen i J-13
Resultat: KM Terrengløp S&Fj 2022 (eqtiming.com)
KM terrengløp vart utsett frå palmesøndag til torsdag 28. april. Om det var utsetjinga, eller andre grunnar: Deltakarane, både dei som var påmelde før påske, og nye, glimra med sitt fråver. Kun 7 løparar møtte på startstreken, der 5 var i 13-14-årsklassen, og 2 stilte i veteran.
Vi veit ikkje grunne til at så mange uteblei. Vanlegvis plar det vere både seniorar, og ikkje minst veteranar på startstreken, men altså ikkje denne gongen. Som arrangørar følte vi oss litt snytte, for det er ein god del arbeid som ligg bak eit arrangement, eit arbeid som stort sett er det same om der er få eller mange deltakarar.
Vi vil likevel dra fram ei positiv oppleving. Vi nytta påmeldings- og resultatsystemet EQtiming for første gong, og det fungerte greitt. Når vi får litt trening med det, er det resursbesparande i forhold til å handtere påmeldingar, og i bruk av funksjonærar til tidtaking. Neste gong vi tek EQtiming, som er innkjøpt av friidrettskrinsen, i bruk, vert ved motbakkeløpet Svinestranda Opp 26. juni. Vi reknar med der er 4G-dekning på toppen...
Elles: Neste KM må nok tilbake til ei helg, torsdagsløp slo ikkje an, tydelegvis.
RESULTAT: Resultat_04_05_2022_22_03_04.pdf
Ivar Bruun, GFILK og Inge Asbjørn Haugen stilte i veteranklassen
Nils Lothe, STIL og Emanuel Aarseth, Jølster var dei to einaste gutane som var med.
Diverre mangla vi bilete av Ella Gule, Brodd i J-14.