Gledeleg med SFE på sponsorlaget

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Feb 2021


Sogn og Fjordane Energi er no med som sponsor for 2 x Svinestranda Opp og 2 x Gloppen Halvmaraton. Dette set vi voldsomt pris på!  

Start- og målportalen skal dominere desse fire arrangementa, saman med segl, banner, osv for Gloppen sitt store energiselskap.

SFE er på laget saman med BANO, Frydenbø, Accountor, Nordfjord Laks og Sparebanken Sogn og Fjordane.  Flotte og gode bedrifter i Gloppen!




KM terrengløp, invitasjon

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 22. Feb 2021

 

NB: Følg med om det blir endringar i covid-reglane. Pr. i dag (medio mars) er det ikkje lov å arrangere konkurransar for deltakarar over 20 år.



Søndag 18. april 2021: KM Terrengløp 

Fjellhug/Vereide Il inviterer til KM i terrengløp på Sandane.  

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (bark/grus), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m. Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt: Søndag 11. april 

Start er kl 15.00. 

Klassar og distansar:

- G/J 13 og 14 år: 600 m

- G/J 15 og 16 år: 1200 m

- G/J 17 og 18 år, menn junior, og kvinner jr/sen/vet, og menn veteran +70: 1800 m

- Menn sen/vet < 70: 3600 m

Påmelding: Via nettet. Påmelding etter fristen, og inntil ein time før start: kr. 150,-  Terminlista Norsk Friidrett, Mosjon

Startpengar:

* 13-14 år: kr. 60,- 

* 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fristen: tillegg kr. 50,-

Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens (Sidan startpengane går opp for 15 og eldre til 150,- etter ordinær påmeldingsfrist, går også lisensen automatisk opp frå kr. 20,- til kr. 30,-)

* Betalast inn til kontonummer 3705 33 01917

Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa.  Næraste er i Trivselshallen (Firdahallen).  Toalett i startområdet.

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse 

Vi gjennomfører arrangementet etter dei til ei kvar tid gjeldande koronareglar.


(Foto: Svein Hjelmeset)



Intersport har avtale med Fjellhug/Vereide

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Feb 2021



Fjellhug/Vereide IL har nyleg reforhandla avtala med Intersport.

Alle medlemmane våre får gode rabattar på Intersport, om du hugse å gje beskjed når du handlar.

 

Intersport er ein god samarbeidspartnar for Fjellhug/Vereide IL og det er til nytte for begge partar.

Laget får ein andel tilbake av alt det medlemmane handlar i løpet av året.

Dei pengane vert nytta til klubbarbeid og for medlemmane våre.

 

Eit tips er å laste ned app`n til Intersport, så ser du kva for andre tilbod dei har utover avtala.

Når det er mogleg vert det ein eigen klubbkveld i butikken, men vi ynskjer ikkje å ha den no før korona-situasjonen er avklara.



Møte i friidrettsgruppa

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Feb 2021

                 Denne løpebana skulle absolutt ha vore rehabilitert, men slik ser det ikkje ut til å gå...


Friidrettsgruppa har hatt gruppemøte, med oppsummering av året som gjekk, og tankar om kva aktivitet og stemne vi skal ha i 2021.

Gruppa held fram med same mannskap, og for gruppeleiaren er det kjekt å konstatere at alle er med vidare.

2020-aktiviteten har naturleg nok vore prega av koronapandemien, men ikkje i så stor grad som kanskje på andre område.  Vi hadde trening for dei yngste vår og haust 2020, og vil til våren prøve på det same, med Vereide som utgangspunkt.  Det var godt oppmøte i fjor vår, og om ikkje vi har noko godt treningsanlegg, kan ein finne på ein del ting likevel.  Idrettsplassen på Sandane er ikkje i stort likare forfatning.

I 2020 har vi jobba med å få planlagt ei oppgradering av løpebana på Vereide. Der har vi til dei grader møtt veggen, i form av kontant avslag frå fylkeskulturminneavdelinga i Vestland. Dei hevdar til og med at vi for framtida ikkje får bruke løpebana som den ligg i dag. Grunnen er tre gravrøyser som ligg under bana. Anke har ikkje ført fram, og no er den sendt vidare til Riksantikvaren. Det betyr i praksis at friidretten er utan treningsanlegg på Nordstranda. 

Når det gjeld stemnearrangement, vil det bli dei same som vi har hatt siste åra, med KM terrengløp, Svinestranda Opp, Gloppen Halvmaraton og Nordstrandsløpet.  Vi kjem også til å terminfeste eit par treningsstemne, som i praksis vil bli haldne saman med STIL.

Gruppa må også få gje rosande omtale til eit knippe næringsdrivande som deltek i ein to-årig sponsorpakke som omfattar Svinestranda Opp 2021 og 2022, samt Gloppen Halvmaraton 2020 og 2021.  Vi hadde fått tildelt NM Halvmaraton 2021, men NFIF har utsett dette eitt år.  Vi synest det er rimeleg at bedriftene får også dette med, sidan det var førespegla i sponsoravtalen. Dei får såleis eit arrangement ekstra som bonus. Det er kjekt å kunne gje dei dette, sidan vi alltid møter velvilje i kontakten med dei. Bedriftene som er med i avtalen, er:

Frydenbø Sandane, BANO, Accountor Sandane, Nordfjord Laks, Sparebanken Sogn og Fjordane, SFE