64 på Gloppe-Trim i runde 2

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Apr 2021

God deltaking på kveldens Gloppe-Trim (64 frammøtte), og mest gledeleg: Det var mange som deltok med tidtaking.  Også denne gongen var Alexander Ganc-Petersen (biletet) raskast på 4-kilometeren, med den gode tida 14,37.

Kveldens vinnar av sportshue og drikkeflaske frå Chatlet Sandane vart Helga Birkeland.

 

EtternamnFornamnTid
ApalsetMaritx
BakkelidAnjax
BakkelidAnne Kristinx
BakkelidHeidix
BakkelidLukas Verlox
BirkelandHelgax
EideVidar16,31
EimhjellenAndreas19,19
ElvebakkDim Sx
ElvebakkLisex
ElvebakkMarionx
EngelstadInger Lisex
EngelstadIvarx
FløtreLisbet Mingex
FrøyenLiv Hennyx
Ganc-PetersenAlexander Melin14,37
GautefallÅsne Vikenx
GjengedalAsbjørnx
GjengedalMariex
GjengedalOlaug Bakkex
GundersenRagnhild19,23
GustafsonLillx
HellerudØystein21,41
HildeSigfridx
HoddevikGurix
HolmeBrittx
HumbersetSindre18,37
LangeteigJennyx
LangeteigTord9,45
LarsenEmil Bolstad9,45
LundarUna Ingeborg Gaasemyrx
MardalAase Karinx
MelinJesperx
MundalNicolay15,57
MyklandAnitax
MyklandArnex
MyklandMarie Ravnestadx
MyklandSofie Ravnestadx
NetlandAud Karinx
NordvikCharlotte9,18
NygårdMariell Bakketun9,18
NyhammerDagfinnx
NyhammerMargitx
PedersenBjørnarx
PetersenEmil Ganc8,57
PetersenJoanna Gancx
RosetJan Erik17,54
RosetÅshild x
Roth-AndenæsHegex
Roth-AndenæsNoha9,25
RyssdalRandix
RådArildx
SandeKjell  x
SandnesIngerx
SchramaTheax
SørebøGerdx
SøreideAstridx
SøreideKari Elinx
TveitMeretex
Tystad Elsex
VereideLinda Hafsaasx
VillungElinx
YtredalKarix
AaBertinex

0 Kommentar

Fantastisk skiglede igjen, men denne gongen på Utviken!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Apr 2021

http://www.fjellhugvereide.no/gallery/album?uid=1100260794&aid=90005

11 deltok på arrangementet i regi av skigruppa i Fjellhug/Vereide IL. Gratis skiglede for alle, med moglegheit for å låne ski og snowracer. Det viktigaste er å vere i lag og ha glede av den siste snøen i fjellet. Utrolig ivrige barn og ungdom, ingenting og seie om innsatsen her. Ein trivelig ettermiddag på Utvikfjellet!

Takk til Arne Nesgård frå skigruppa som har gjort klart det meste i forkant og Kjersti Rønningen som medhjelpar. Leiar tende opp bålet om ikkje anna.


Else Margrethe




0 Kommentar

Første Gloppe-Trim-kveld 2021

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Apr 2021

Alexander Ganc Petersen debuterte på Gloppe-Trimmen med å vere først i mål av dei som sprang på tid.


I kaldt og hustre aprilver var det likevel 53 som møtte opp i Bukta til første Gloppe-Trimmen.  Og at det var fleire enn i fjor som stilte for å teste formen mot klokka på dei 4 km (2 km for dei yngste, raud farge i lista), var kjekt.

Her er lista over dei som stilte på i kveld:

 

ApalsetMarit x 
BakkelidAnja x 
BakkelidAnne Kristin x 
BakkelidHeidi x 
BakkelidLukas Verlo x 
BakketurMariell Nygaard 9,34
EideVidar17,10
EikenesElise M x 
EikenæsIda x 
EimhjellenRagnhild   x 
ElvebakkDim S x 
ElvebakkLise x 
ElvebakkMarion x 
EngelstadInger Lise x 
EngelstadIvar x 
FløtreLisbet Minge x 
GjengedalAsbjørn x 
GjengedalOlaug Bakke x 
GustafsonLill x 
HellerudØystein22,47
HolmeBritt x 
LangeteigJenny9,05
LotheSteinar x 
LundarUna Ingeborg Gaasemyr x 
LyngstadAndreas x 
MundalNicolay x 
MyklandAnita x 
MyklandArne x 
MyklandSofie Ravnestad x 
NetlandAud Karin x 
NordvikCharlotte9,34
NygårdUlrik Bakketun x 
NyhammerMargit x 
PetersenAlexander Ganc16,10
RausetLiv Kristin Eimhjellen x 
RosetJan Erik17,39
RosetÅshild  x 
RyggMajken Gøranson x 
RyssdalRandi x 
RådArild x 
SandeKari Ann x 
SandeKjell   x 
SandnesInger x 
SandvikTerje x 
SchramaTea x 
SkaadenMariann x 
SørebøGerd x 
SøreideAstrid x 
TveitCecilie x 
TveitMerete x 
Tystad Else x 
YtredalGeir x 
YtredalKari x 



Dagens gjebbuss-barn, Nicolai Eikeset Mundal, kom kanskje rett frå kakebordet til start i Bukta?


0 Kommentar

Terrengløp for alle (under 20 år) på Myra komande tysdag!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Apr 2021

DET BLIR TERRENGLØP PÅ MYRA/Åsen I ÅR OGSÅ!

    • Det vert to løp, tysdag 20. og 27. april.
    • Barkeløypa i Åsen (parker helst ved kunstgrasbana)
    • Første start kl 18, påmelding frå kl 17:15. (Ver ute i god tid!)
    • Gjerne påmelding i førekant på e-post til heidi.solheim@enivest.net (namn på deltakar, fødselsår, tlf. nr foreldre/føresett)
    • Påmelding kr 40 per løp, helst på Vipps (nr 515845). 
    • Smoothie i premie etter kvart løp, pluss ein ekstra premie til dei som stiller på begge løpa
    • 9 år og yngre: løype på ca 300m. 10 år og eldre: løype på ca 600m.
    • Deltaking avgrensa til Gloppen kommune (korronareglane)


Arrangør: STIL og Fjellhug/Vereide il


0 Kommentar

Årsmøte i Fjellhug/Vereide IL er utsett til 26.mai

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Apr 2021

Grunna korona-situasjonen vel vi å utsette årsmøte til 26.mai. Møte vil vere på Gloppen hotel kl 19.

Saksdokument vert lagd ut her på heimesia ei uke før årsmøte.


Helsing leiar

Else Margrethe Larsen



0 Kommentar

Harald Gjengedal er død

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Apr 2021

Den triste meldinga om at Harald Gjengedal (f.1956) er død, las vi i media i dag.  Harald var ein av dei beste utøvarane vi har hatt i Fjellhug/Vereide gjennom tidene, ja truleg den aller fremste.  Han har 4 norske seniormeisterskap på rad på 400 m hekk, og var også juniormeister på same distanse. Han deltok også i 12 friidrettslandskampar gjennom karriera. 

Harald hadde også krinsrekorden for Sogn og Fjordane på spesialdistansen i 32 år.  For Fjellhug/Vereide IL var han ein solid ankermann på det gode 1000 m stafett-laget vi hadde på rundt 1980. Krinsrekorden til laget som Harald var med på, vart sett i 1979, og stod i 11 år.

Harald vaks opp i ein familie der alle var interesserte i idrett. Saman med onkelen, Håkon Lundestad, som trenar, utvikla han talentet gjennom solid og god trening.  Han flytta tidleg til Bergen, der han etter endt utdanning fekk jobb som tannlækjar på Garnes.  Han har også jobba som spesialtannlækjar ved odontologisk klinikk (UiB), og i 2012 disputerte han for doktorgrad ved Universitetet i Bergen.

Harald var alltid ein blid, hyggjeleg, og interessert mann å møte. Hans gode latter, og vinnande vesen vart sett pris på av dei som møtte han.  At han no er gått bort, etter ei tid med sjukdom, er svært trist for alle som har kjent han.  Vi er likevel veldig glade for at vi rakk å ha ein lang og god prat med han for halvtanna år sidan, eit intervju som kjem i jubileumsboka til Fjellhug/Vereide om 4 år.

                                                                                          Dagfinn Nyhammer

(biletet er henta frå Alkunne, Harald Gjengedal - Allkunne 



0 Kommentar

Svinestranda Opp 2021

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 2. Apr 2021

Snø i januar, men med dei små mengdene som har vore i vinter, blir det fin løypetrasse i juni.  Biletet er frå Austrheimsstøylen, der vi tek mellomtider, har saftstasjon, og premieutdeling etter løpet.


I desse covid19-tider har ein vore litt tilbakeholdne med å promotere arrangement.  Pandemien har gjort det usikkert om arrangementa kan haldast.  No ser det truleg litt lysare ut for sommarsesongen, og ein kan byrje å planlegge.

Motbakkeløpet Svinestranda Opp på Sandane er terminfesta til søndag 20. juni, med start i sentrum, og mål på toppen av fjellet Svinestranda 1074 moh.

Mange av Noregs beste motbakkeløparar har gjennom åra delteke, m.a. Jon Tvedt, Øyvind Heiberg Sundby, Eli Anne Dvergsdal, Karoline Holsen Kyte, og fleire i Noregseliten.  Alle har hatt same tilbakemeldingar: "Dette er eit av dei finaste motbakkeløpa i Noreg".  Vi vel å tru at dette ikkje berre er høfligheitsfraser, men noko som kjem frå hjarta!

Svinestranda Opp finn du på mosjonfriidrett.no  (Norges Friidrettsforbund ), og opning for påmelding set vi til 13. april.  Vi håpar og trur at det ikkje vert avgrensing på tal løparar vi kan ha, men det er kanskje ein fordel å melde seg på tidleg? 


Påmelding: Norges Friidrettsforbund  (frå13. april)



Norges Friidrettsforbund


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline