Kategori
Svinestranda Opp fekk Norgescup-status!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Mar 2017
Då er det endeleg bestemt:
Fjellhug/Vereide IL har fått tildelt Norgescup-status på motbakkeløpet Svinestranda Opp.Løpet vert arrangert søndag 25. juni.
Svinestranda Opp har ein løypeprofil som tidlegare har fått svært gode tilbakemeldingar av motbakkeløparar som Jon Tvedt, Øyvind Heiberg Sundby, Eli Anne Dvergsdal og Sindre Hoff.Løypa er sju km, med høgdeskilnad på ca 1070 meter.Start er i Sandane sentrum.
Norgescupstatus betyr at løpet er eitt av fem motbakkeløp rundt i Noreg.– For oss som arrangørar er det ei fin fjør i hatten å bli tildelt slik status, og vi vonar det også vil ha noko å seie for påmeldingane, seier leiar i friidrettsgruppa Dagfinn Nyhammer
Svinestranda Opp 2017 vil også bli siste sjanse for å kvalifisere seg til EM Motbakkeløp 2017, i Kamnik, Slovenia.Dette er også med på å gjere Svinestranda Opp til eit attraktivt løp.
Når motbakkeløpet får Norgescup-status trur arrangørane også at dette vil vere med på å dra fleire til arrangementet.Det vil bli ein flott anledning til å vere i løypene saman med nasjonalt gode motbakkeløparar.
Svinestrranda Opp vert også i år eitt av fire løp i SFE Motbakkekarusell, der dei andre tre er Vetenløpet (Bremanger il), Trollenykjen (Eid Il) og Troda Opp (Davik il). 3 av dei fire løpa tel i karusellen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.