Kategori
Overnatting når du skal på Svinestranda Opp?
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Apr 2017
Av erfaring veit vi at det kan bli litt knapt med hotellkapasitet på Sandane om sommaren. Det kan difor vere lurt å tenkje på det allereie no, dersom du ønskjer ei natt eller to på Sandane unde Svinestranda Opp-helga.
Gloppen Hotel er eit glimrande alternativ midt i Sandane sentrum!
Gloppen Camping og Fritidssenter ligg idyllisk til om lag 2 km frå Sandane sentrum, eit godt alternativ, det også!
Elles er det berre å gå inn på nettet, ein vil kunne finne mange gode overnattingsplassar også i Breim, Byrkjelo, Skei, og hytter og leiligheiter elles i Gloppen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.