Kategori
Ungdomen ønskjer organisert trening
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Mai 2017
Fjellhug/Vereide IL har gjort ei undersøking mellom ungdomsskule- og vidaregåande-elevar som soknar til Fjellhug/Vereide om treningsaktivitet, kva dei ønskjer, og om dei ønskjer tilrettelegging, eller fri aktivitet. Grunnlaget for samandraget nedanfor er 58 innleverte svar.
Heile 81 % er med på organiserte treningar, noko som kanskje var litt overraskande. Også kanskje litt uventa at det var 75 % som ønskte organiserte i idrettslag-regi, og at heile 80 % ønskte faste rammer rundt treninga. Uorganisert og "frie aktivitetar" hadde liten oppslutnad.
Samandraget av undersøkinga vart slik:
- Aktiv deltaking på trening og konkurransar:
- 93% driv med aktiv trening og/eller konkurransar
- Ikkje nokon stor skilnad på aldersgruppene, eller mellom gutar og jenter
- Er med på organiserte aktivitetar i idrettslaget?
- 81%er med på organiserte treningar
- 23 av 26 gutar i ungdomsskulealder ER med på aktivitetar i IL-regi
- 5 av 7 jenter i ungdomsskulealder er IKKJE med på aktivitetar i IL-regi.
- 2 av 4 gutar på VGS er IKKJE med på aktivitetar i IL-regi.
- 8 av 9 jenter på VGS ER med på aktivitetar i IL-regi
- Alle over 20 år ER med på aktivitetar iIL-regi
- Kjekkaste aktivitetar
- Innan- og utandørsaktivitetar er om lag like populære
- Aktivitetar sommarstid er meir populært enn vinter-idrett.
- Lagidretten er prioritert i høve til individuell idrett
- Gutar GU: 80/20 % - lag/individuell
- Jenter GU:om lag 60/40 %- lag/individuell
- Gutar VGS: 80/20 % - lag/individuell
- Jenter VGS: 80/20 %- lag/individuell
- > 20 år:100/0 %- lag/individuell
- Tilrettelegging frå idrettslaget, eller fri organisering utanom idr.l.:
- 75 % ønskjer organiserte treningar i il-regi, 25% føretrekkjer uorganisert
- Gutar GU: 85/15 % - org/fritt
- Jenter GU: 55/45% - org/fritt
- Gutar VGS: 70/30% - org/fritt
- Jenter VGS: 70/30% - org/fritt
- >20:80/20% - org/fritt
- 75 % ønskjer organiserte treningar i il-regi, 25% føretrekkjer uorganisert
- Faste rammer på treningane, eller uorganiserte og meir frie aktivitetar?
- 80% ønskjer faste rammer i treninga
- Om lag lik fordeling i alle aldersgrupper
- 80% ønskjer faste rammer i treninga
- Kva tilbod bør prioriterast av idrettslaget:
- Volleyball , Handball, og fotball + basistrening er mest nemnde.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.