Kategori
Gloppen Halvmaraton - funksjonærliste
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Sep 2017
Det nærmar seg Gloppen Halvmaraton (7. oktober) og friidrettsgruppa har sett opp følgjande funksjonærliste.
GLOPPEN HALVMARATON laurdag 7. okt.
(start ved STIL-stova kl 14.00, ein del startar kl 13.30)
Stemneleiar: Dagfinn Nyhammer
Startar: Arne Klakegg
Tidtaking: Jon R Hauge/Arne Klakegg
Tidtaking/sekretariat, resultatskriving: Yngvill Oen (Ingunn E. og Kirsti hjelper også til i målområdet når dei er ferdige med løypevaktjobben)
Løype-bil: Birger Berge
Løypevakter Hansensvingen: Odd Kolset (hovudansvarleg) , Ingunn Elvebakk, , Else Lundestad
Her er det viktigast å passe mest på på sørsida av svingen, sidan løparane kjem i innersvingen, mot trafikken. Vi set opp skilt før svingen om at det føregår løp , og kanskje nokre små kjegler i innersvingen som gjev ein god halvmeters rom for løparane? Vakthaldet har vi berre bruk for til alle har passert på veg ut, inn att spring dei med trafikken, og kjem ein og ein, og då burde det greie seg med kun varslingsskilt)
Løypevakt ved G-sport-hjørnet: Jonfinn Aske, Kirsti Bjotveit, Elling Fjellestad
Her må trafikken inn mot krysset stoppast dei 1-2 minuttane det tek før løparane har kome seg frå Firdavegen og inn på FV615. Så må ein passe på at det ikkje er fotgjengarar som går i vegen i same tidsrommet. Løparane spring i gata på veg ut, og skal ikkje krysse ved hjørnet til G-Sport. På tilbaketuren kan dei krysse inntil hjørnet, og då treng vi ikkje vakter.
Drikkestasjonar: Magne Tystad har overordna ansvar
Saftstasjon ved Gloppen Sementstein: Magne Tystad
Saftstasjon Rygg: Bjarne Hauge, Steffen Fjellestad
Saftstasjon snupunkt (noterer også startnr og passeringstider): Terje Håheim, Henry Hammersland (ver obs på at nokre startar kl 13.30)
Fjellhug/Vereide ordnar med saft og vatn, men det hadde vore fint om nokon tok med plastkanner, sidan det vil bli bruk for litt med tre stasjonar.
Kiosk (enkel): Ansvarleg: Roger Sunde Andenæs
Dersom alle møter ved Stil-Stova kl 13.30, er det fint. Yngvill må møte tidlegare, då det kan kome løparar som ikkje har meldt seg på, på førehand
Sjå elles heimesida, eller ta kontakt dersom de lurer på noko: http://www.fjellhugvereide.no/...
Friidrettsgruppa v/ Dagfinn
mobil 41227968
Epost: dagfinn.nyhammer@enivest.net
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.