Kategori
Informasjon til dei som er på innandørs friidrettstrening
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Mar 2018
Til alle som har vore med på innandørstreninga i vinter.
No har vi snart ikkje fleire treningar i Trivselshallen denne vinteren. Tysdag 3. april er siste treninga inne, før vi startar ute etter påske. Det er også innetrening komande tysdag, den 20. april. Det er den siste før påske.
Vi har hatt veldig godt frammøte på treninga i vinter, og vi håpar å sjå like mange når vi startar opp att etter påske. Spanande kamp om frammøtepremien!
Utetreninga vert starta opp med terrengløp på Myra tysdag 10. april. Treninga på Idrettsplassen kjem i gang så snart tilhøva der er brukande. Då vert det springing, hopping og kasting, saman med STIL slik vi har hatt det i vinter. Ein og annan gongen reiser vi til Byrkjelo for å bruke den flotte bana der. Tysdag 15. mai vert truleg første gong dit.
For informasjon er det viktig at de (eller foreldra dykkar) er innom Fjellhug/Vereide-sida på Facebook for å halde dykk løpande oppdaterte. Det hadde også vore spanande å reist på eit friidrettstemne, med overnatting, i løpet av sommaren/tidleg haust. Oppslutning om treninga vil vise om dette er interessant. Aktuelle stader kan vere t.d. Ørsta eller Ulsteinvik/Dimna.
Våren og sommaren ser slik ut for friidretten for dei yngste:
Kvar tysdag kl 18.00: Friidrettstrening Idrettsplassen og Byrkjelo stadion (april: terrengløp og stafett-trening, følg med på FB)
15. april: KM terrengløp på Myra i Åsen, med innlagt løp for 6-12 år. Medaljer til deltakarane.
15. mai: Seriestemne/treningsstemne på Idrettsplassen. 60m/lengde/kule (frå 8 år ->)
24. mai: Gloppenmeisterskapen, Byrkjelo Stadion
9. og 10. juni: Sparebankleikane, Byrkjelo Stadion (frå 8 år ->)
Helsing Friidrettsgruppa
Dagfinn Nyhammer, mobil 41227968, epost dagfinn.nyhammer@enivest.net
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.