Kategori
Rypeskarrenn i strålande påskever!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Mar 2018
Rypeskarrennet 2018 vart arrangert i strålande påskesol på Utvikfjellet i dag. Arrangør var som vanleg Fjellhug/Vereide Il.
I trimklassen nytta svært mange høvet å gå over fjellet til Kleivane i Fjellbygda, og i alt var det nok om lag fire hundre i turklassen. I konkurranseklassane deltok i overkant av 60 løparar, der Bodil Ryste, Gaular var raskaste dame i 23km-løypa, medan Jon Rolf Skamo Hope, Hyen vann herreklassen.
Dei yngre løparane gjekk 10 km, der Markane-løparen Oskar Guddal Breivik i G15-16 hadde beste tid.
Resultat finn du HER
Biletserie finn du i Galleri i menyen over
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.