Kategori
Gloppe-Trim nr. 15, 12/9-18
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Sep 2018
Roset vs Roset på dagens Gloppe-Trim. Det årlege veddemålet der onkel utfordra nevø. Vi ved tidtakarbordet valde å ha litt avgjerande makt på familieoppgjeret: For å bli erklært vinnar måtte Jan Erik slå Håkon med 2 minutt. Som resultatlista viser vart det 2.15 i favør av onkel, og han vart dermed veddemåls-vinnar. Kva premien vart, veit berre dei to...
Neste onsdag er det avslutning av årets Gloppe-Trim. Då trekkjer vi eit par flotte premiar mellom dei som har delteke mest, samt at også alle som har minst 8 frammøte i år, får seg ein liten premie.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.