Gode støttespelarar for Gloppen Halvmaraton
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Okt 2018
Premiering til løparane er litt viktig på eit arrangement som Gloppen Halvmaraton. Difor set vi pris på å bli godt mottekne når vi spør næringsliv og bønder i Gloppen om noko som egnar seg til løparpremiering. Med mange klassar, og ikkje altfor mange i kvar klasse, har vi funne at ei sosial premiering, der vi trekkjer premiar på startnummer og ikkje ut frå prestasjonar, er det rette for oss. I tillegg får alle ein medalje for deltakinga.
Eit lite unnatak frå den sosiale premieringa har vi: Beste tid i herre og dame-klassen skal få premie for innsatsen sin!
Vi vil framheve dei som har gjeve premiar. Først og fremst Gloppen Hotel, som spanderer overnatting for to, med tre-rettars middag til ein heldig løpar! Tusen takk til hotellet vårt!
Tusen takk også til desse:
Også stor takk til desse premiesponsorane, som ikkje har logo, men som er like viktige for det:
Daniel Dyrnes (frukt)
Børre Tystad (frukt)
John Elling Vereide (frukt)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.