Kategori
Krinsdommarkurs i friidrett på Byrkjelo i mars
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Jan 2022
Kursinnbyding dommarkurs Byrkjelo vår 2022.pdf
Klubbane i Gloppen ønskjer å få utdanna fleire krinsdommarar i friidrett. For å kunne arrangere stemne må arrangørane kunne stille med godkjende dommarar for at resultat skal bli godkjende, og difor er det viktig at klubbane er sitt ansvar bevisst i høve til dette.
Tre onsdagskveldar i mars (9.,16., og 23. mars) vil vi skipe til kurs på Byrkjelo. Krinsdommarkurset er eit lågterskelkurs, der det viktigaste er å få kunnskap om dei ulike reglane som gjeld i friidretten. Ikkje berre er det viktig for klubben å ha folk med kvalifisert kompetanse, det må også vere interessant for den enkelte å tileigne seg bestemmelsane som gjeld på friidrettsbana.
Målgruppa er foreldre, ungdom og andre med litt interesse for idrett. Ungdom som tek ein dommargrad kan også ta den med på CV-en sin som eit pluss for sine ulike søknader i ettertid.
Vi kjem tilbake med ei innbyding når SFFIK har lag den ut. I mellomtida tek medlemer i dommarutvalet og friidrettsgruppene gjerne kontakt med deg. Eller enno betre: Ta initiativ og kontakt oss sjølv!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.