Status Svinestranda Opp 2022
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Jun 2022
Ei knapp veke før Svinestranda Opp, er det skuffande dårleg påmelding. I underkant av 20 løparar har meldt seg på. I fjor deltok godt og vel 60 på løpet.
- Vi veit ikkje heilt kvifor, seier leiar i friidrettsgruppa Dagfinn Nyhammer. Vi tenkte ei stund at kollisjon med Storehesten Opp i Bygstad, som er eit meir kjent og profilert arrangement, og som går laurdag, kunne vere grunnen. Men vi ser at også dei har dårleg påmelding, berre 21 stk. pr i dag, så det er kanskje ikkje hovudforklaringa.
Påmeldingsfristen gjekk eigentleg ut søndag kveld, men vi har opna for påmelding utover i veka. Påmeldingslinken er denne: Svinestranda Opp (eqtiming.com) Her er m.a. fine pengepremiar å vinne for dei fire raskaste til topps både i herre og dameklassen, i tillegg til premie til klassevinnarane.
Trimmarane bør også nytte søndagen til ein fjelltur. Her ligg også premiering i potten til desse, i tillegg til at ein tur i seg sjølv er premiering for kropp og sjel. Trimdeltakarane er med på trekking av ein premie på kr. 1000, som vert trekt mellom konkurranseløparar, trimmarar og funksjonærar.
Fjellhug/Vereide il håpar at mange dei komande to-tre dagane hiv seg rundt og vil delta på Svinestranda Opp. Det blir brukt mange timar til førebuing og arrangering, og utan ei brukbar deltaking, heng arrangementet i ein tynn tråd i framtida.
Men som Helge Kårstad i Storehesten Opp sa på telefonen i går kveld: - I år blir det løp, om der er 1 eller 1000 deltakarar. Slik tenkjer også vi. I år..
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.