Kategori
Barneidrettsmerka i friidrett
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Aug 2022
Mange hugsar sikkert idrettsmerka som vi fekk m.a. i barneskulen. Slike merke finst framleis, og over ser du "krava" til det enkelte merke.
Vi har stort sett 10-åringar som går på trening, og er med på stemne, og alle som har vore med av desse i år, har greitt merke i bronse, sølv eller gull i fleire øvingar.
Desse merka går med dei same krava heilt til ein er 13 år, så ein 10-11-åring har gode sjansar på både gull, sølv eller bronse, sjølv om han/ho ikje har nådd krava enno.
Er det interesse for desse fine merka, kan friidrettsgruppa bestille inn!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.