Kategori
Nye påmeldingssystem
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jan 2023
iSonen er eit påmeldings- og betalingsverkty for idretten (alle idrettar). Det er utvikla i tett samarbeid med idretten sjølv. Fjellhug/Vereide il nytta systemet for påmelding ved årets Trivselshalleikar, og vi er veldig godt nøgde med iSonen. Så lenge klubbar og foreldre held seg til fristane for påmelding, er systemet flott. Det er kopla opp mot medlemsregister, og ein får såleis også sjekka at dei som laget melder på, og betalar for på stemne, er medlemer (utan medlemskap blir påmeldinga stoppa).
Norway Open Track er eit arrangementssystem for friidrett, som erstattar FriRes, eit system som har vore nytta i utallige år. Open Track vart for alvor rulla ut no frå nyttår, og sjølv om ein stadig jobbar med å forbetre og oppdatere systemet, er det godt brukane. Vi nytta også dette under Trivselshalleikane, og med god hjelp frå krinsen, hadde vi godt utbytte av det. Kanskje kan det forbetrast på resultatsidene, men det er også under utvikling.
EQTiming er eit terminliste-, påmeldings-, og arrangementssystem for m.a. friidrett (løp) utanfor stadion. Det blir også mykje nytta til ski og sykkel. Fjellhug/Vereide fhar nytta det på KM Terrengløp, Svinestranda Opp og Gloppen Halvmaraton. Eit flott system, som m.a. nyttar seg av automatisk tidtaking og mellomtider gjennom avlesing av brikker i startnummera. Dermed er resultata klare så snart ein løpar passerer mellomstasjonar og mål, og kan følgjast direkte på internett.
Felles for dei nye systema er at registrering skal skje fortløpande når resultata blir oppnådde. Deltakarar og publikum forventar oppdaterte resultat i notid; det er slutt på tida då ein las resultat i avisa ein dag eller to i etterkant av stemnet, eller som det har vore dei siste ti åra: Ein går inn på ei heimeside om kvelden for å finne om arrangøren har fått ut resultata på nett. Her har vore ei utruleg utvikling på området, og vi som klubb har ei forplikting til å hange med i svingane...
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.