Nytt frå O-gruppa

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 8. Des 2014



Magnus Eide og Magnar Slagstad, med Thomas Natvig Årstad i midten


Tysdag 2.desember kom rekrutteringsturneen til Norges Orienteringsforbund

til Sogn og Fjordane. Det var samling på Skei der Magnar Slagstad og Magnus

Eide deltok på opplegget "Møt en mester". Der fekk dei og 7 andre ungdomar

frå fylket møte Thomas Natvig Årstad og fekk inspirasjon til vidare trening

og satsing frå han. Det var råtassløp med hovudlykt i området omkring Skei

skule med påfølgande film og foredrag frå "mesteren".



Samstundes fekk dei vaksne prøvd seg på ulike øvingar som er aktuelle å

nytte på treningar, med påfølgjande diskusjon/erfaringsutveksling omkring

rekruttering til orienteringssporten. Vidar Eide deltok frå Fjellhug/Vereide

på dette.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.