Grunnen til at det har vore litt att og fram om arrangementsdato, er kollisjonar med andre motbakkeløp, og ikkje minst kollisjon med Nordfjordrittet på sykkel, terminfesta til 14. juni, som også var datoen vi hadde blinka ut.
Nordfjordrittet engasjerer mange i nærområdet både som aktive deltakarar, og som funksjonærar, at vi trur det vil bli bra for alle partar at Svinestranda Opp går ei veke seinare. Då håpar vi også at langvegsfarande som stiller på Molden Opp i Luster på laurdagen, også kan tenkje seg å vere med på vårt løp om søndagen.
Premieringa i fjor var som du ser nedanfor, og det vert truleg den same i år. Vi jobbar med sponsorar - og det ser lovande ut:
Premiering på Svinestrandløpet
|
|
Nedanfor ser du premieringa på fjorårets Svinestrandløp:
| Konkurranseklassane:
Vinnarane i dame og herreklassen: 4000,-
Nr 2 og 3: Hhv. kr. 1000,- og 500,-
Tre premiar a kr. 500,- vert trekt ut i konkurranseklassen på startnr.
Vidare er det mange flotte gåvepremiar!
Mosjonsklassen:
3 premiar a kr. 500,- uttrekt på startnr.
Gåvekort
Andre premiar!
Motbakkekarusellen:
Dersom 6 eller fleire fullfører alle tre løpa: Trekking om ein premie a kr. 3000,- og 5 premiar a kr. 1000,-
Dersom 5 eller færre fullfører alle tre løpa: Premiepotten på kr. 8000 vert delt likt mellom dei som har fullført.
Spesial-t-skjorte til dei som har vore med på tre løp!
|
|
|