Kategori
Rypeskarrennet - Oppsummering av info:
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Apr 2015
Ja, då er siste kvelden komen, og vi er klare for årets Rypeskarrenn i morgon.
Det ser ut til at vergudane er på vår side i år. Det er klårt og nesten fullmåne ute,so det må bli ein perfekt dag i morgon.
Bra påmelding i konkurranseklassa, MEN er det fortsatt noken som vil vere med,melder de dokke på i sekreteriatet på Utvikefjellet i morgon før kl.12.00. (blir i ein kvit kassebil)
På Kleivane har allereie fleire vore opp med bil,som dei skal ha når dei kjem over i morgon. Så dette tegnar til å bli bra.
Håpar alle som nyttar løypene i morgon,registrar og betalar for seg ved start.
Ynskjer alle velkomne til eit flott Rypeskarrenn.
RYPESKAR-RENNET 2015
UTVIKEFJELLET PÅSKEAFTA, LAURDAG 4.APRIL
RENNET(konkurranse)GÅR I FRISTIL.
KONKURRANSEKLASSA: Start kl.13.00. Lett rundløype ca 23 km
Start kontingent: kr 200.- Premie til alle.
DISTANSERENN: Start kl.13.00. Lett rundløype ca 10 km.
Klasse 13-16 år
Start kontingent kr 100.- Premie til alle.
PÅMELDING: online, evt til astrid.hauge@enivest.net eller på Utviken renndagen før kl.12.00.
-----------------------------------------------------------
TRIM/FAMILIE KLASSE (uten tidtaking) : Kjøp av kort mellom kl.09.00 -12.00. Må vere i mål innan kl.16.00.
Alt A: Start og innkomst på Utvikfjellet
Alt B: Start Utvikfjellet og innkomst Kleivane skisenter,Fjellbygda
T.o.m. 15 år kr. 50.- 16 år og eldre kr.100.-
SMØRJESERVICE: Gratis på Utvikefjellet v/G-sport
SAFTSTASJON: Gratis v/Rypeskaret, Mål, Kleivane
KIOSK: Utvikefjellet
BUSSTRANSPORT: Sandane- Utvikefjellet kl.09.00 og 10.00
Vaksne kr 50.- barn kr 25.-
Frå Kleivane- Sandane kl.14.00 og 16.15.
Vaksne kr 20 og barn kr 10.-
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.