Kategori
Referat frå siste styremøte
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 29. Aug 2015
Ikkje så ofte vi har hatt referat frå styremøta, her er imidlertid referat frå møtet no i august: Noko er litt i stikkordsform.
REFERAT HOVUDSTYRET FJELLHUG /VEREIDE IL
Stad: SFE
Tid: 20.8.2015 Kl.20.00
Til stades:
Else Margrete Larsen (arbeidsutval), Berit Aasebø Hauge (arbeidsutval), Kari Anne Slagstad (arbeidsutval), Unni Aske (handball), Ragnhild Gimmestad (volleyball), Kjellfrid A Gloppestad (trimutval), Astrid Fjellestad Hauge (ski), Dagfinn Nyhammer (friidrett), Vidar Eide (orientering), Roger Sunde Andenæs (økonomi).
Sak | | Oppfølging/ansvar |
24/15 | Møtereglar Vi brukar desse møtereglane på hovudstyremøta. Møte presis. Slå av mobil. Sleppe alle til. Vere konstruktive Bruke tida «vetigt». Vere førebudde. Effektiv tidsbruk | |
25/15 | Møtereferat Legg til: Historia til Fjellhug /Vereide er tenkt ferdig til 125-års jubileum i 2014. Referatet vart godkjent. | |
26/15 | Lovnorm Arbeidsutvalet fullfører dette arbeidet. | |
27/15 | Fjellbygdevegen Vegen frå krysset til ytre og indre Fjellbygda og opp til Solheim er smal og dårleg, vi ynskjer å få fokus på det. Det er viktig for bruken av Kleivane. Organisere press både frå bebuarar og lag. Ta kontakt med kultursjef og næringssjef. | |
28/15 | Status politiattestar. Kva reglar gjeld? Dagfinn har hatt dette og ynskjer avløysing, Else Margrete overtek. | |
29/15 | Sponsorar Det vert gjort ein god jobb for å skaffe sponsorar opp mot ulike arrangement. Det er einigheit om at laget bør ha ein hovudsponsor. Dette må det arbeidast med framover. | |
30/15 | Besøk frå Idrettskrinsen Idrettskrinsen ynskjer å kome på besøk til laget vårt. Vi inviterer dei til styremøtet i september. | Else M |
31/15 | Aktivitetsleiarkurs barneidrett. 23.-24. oktober. Barneidrettsgruppa finn folk til det. | |
32/15 | Referat/rapportar frå gruppene: Volleyball – Ragnhild
| |
33/15 | Eventuelt Idrettslaget presenterer seg med brosjyre på Open skule på Firda vgs. Styremøta vekslar mellom måndag og tysdag. Det vert laga ny møteliste. Heimesida. Få inn alle treningstider med rett tidspunkt mm. - Korleis legge inn ting på heimesida, ved Dagfinn. | Else M |
Referat:Berit Aasebø Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.