Over 30 på friidrettstrening!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Apr 2016

Litt av ein gjeng på friidrettstrening i kveld, godt og vel 30 med stort og smått.

Vi vart enige om at vi held fram på Vereide to tirsdagar til. Då er vi komne til 17. mai, og tek ei ny vurdering om vi held fram, eller flyttar til Idrettsplassen på Sandane.

Med slikt frammøte vil det vere dumt å gjere endringar no, og kanskje risikere at ein del fell frå.

Møt fram ved barnehagane/bana på Vereide også dei to komande tirsdagane kl 17.30. I det fjerne (midten av august) er der ei gulrot for dei som er flittige å gå på treninga; då har vi planlagt å reise på Ørsta-leikane! Det kan bli skikkeleg kjekt!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.