Løypa er kontrollmålt!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Sep 2016

Ivar Andreas Sandø gjer nokre utrekningar før han startar målinga frå vendepunktet, mot Sandane.


Då har Ivar Andreas Sandø frå Bergen målt løypa halvmaraton-løypa vår. Den var ikkje mykje feil frå før, men vi har fått justert den til å vere akkurat så lang som den skal vere; 10.549 m kvar veg.

Så no kan alle som vil ha resultata inn i dei offisielle statistikkane stille til start laurdag 8. oktober. Løypeprofilen må vere maksimal for ein maratonløpar, flat og fin som den er.

Eller som Ivar sa det då vi målte opp i føremiddag: - Dette må vere en perseløype!

LØYPESERTIFIKATET: 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.