Kategori
Funksjonærliste og oppgåver
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Okt 2016
GLOPPEN HALVMARATON laurdag 8. okt.
(start ved STIL-stova kl 14.00)
Stemneleiar: Dagfinn Nyhammer
Startar: Birger Berge
Tidtaking/sekretariat, resultatskriving: Inger Lise Vereide (Ingunn E. og Kirsti hjelper også til i målområdet når dei er ferdige med løypevaktjobben)
Løype-bil: Birger Berge
Løypevakter Hansensvingen: Odd Kolset, Ingunn Elvebakk, , Else Lundestad
Prioriterer å varsle, og "roe ned" trafikk mot Sandane, sidan løparane kjem i innersvingen.
Løypevakt ved G-sport-hjørnet: Jonfinn Aske, Kirsti Bjotveit, Johnny Hauge
Her må trafikken inn mot krysset stoppast dei 1-2 minuttane det tek før løparane har kome seg frå Firdavegen og inn på FV615. Så må ein passe på at det ikkje er fotgjengarar som går i vegen i same tidsrommet. Løparane spring i gata på veg ut, og skal ikkje krysse ved hjørnet til G-Sport. På tilbaketuren kan dei krysse inntil hjørnet, og då treng vi ikkje vakter.
Saftstasjon ved Gloppen Sementstein: Marianne Mardal
Saftstasjon Rygg: Grete Liv Tisthammar, Mariann Skaaden
Saftstasjon snupunkt (noterer også startnr og passeringstider): Terje Håheim, Henry Hammersland
Fjellhug/Vereide ordnar med beger,saft og vatn, men det hadde vore fint om nokon tok med plastkanner, sidan det vil bli bruk for ein del, med tre drikkestasjonarstasjonar.
Dersom alle møter ved Stil-Stova kl 13.30, er det fint.
Sjå elles heimesida, eller ta kontakt dersom de lurer på noko: http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halv...
Friidrettsgruppa v/ Dagfinn
mobil 41227968
Epost: dagfinn.nyhammer@enivest.net
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.