Litt smånytt tre veker før Svinestranda Opp

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 8. Jun 2017


  • Påmeldingsfristen: Vi har utsett den til mandag 19. juni. Men det er fritt fram å melde seg på no; send ein epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net NB! Ved ein feil står det i innbydinga at ein kan melde seg på via Min Idrett. Det viser seg at det ikkje mogeleg på mosjonsløp, så dermed er best å ordne påmelding via epost.
  • T-skjorter: Gratis t-skjorte til dei 50 første som melder seg på
  • Mosjonsklassen: Svinestranda Opp-medalje til alle mosjonistar
  • Mosjonsklassen: Vi tilbyr alternativ med gratis parkering på Kleivane (skianlegget) for alle som ønskjer mosjonsturen der i frå og til Austrheimsstøylen (og evt. til toppen). God veg, god parkering, og fin og lett tur mellom Kleivane og Austrheimsstøylen.
  • Kle og utstyr: Vi har bil som kan ta med løparane sine klede til Austrheimsstøylen, der premieutdelinga blir.
  • Retur frå Austrheimsstøylen: Det vil køyre minibussar til og frå.
  • Svinestranda Opp er Norgescup-løp, der alle 5 løpa tel med.
  • SFE Motbakkekarusell: Dette er ein karusell sponsa av Sogn og Fjordane Energi, og omfattar Trollenyken Opp, Svinestranda Opp, Vetenløpet, og Troda Opp. Tre av dei fire løpa tel samanlagt.
  • O-gruppa i Fjellhug/Vereide il vil ha aktivitetar for dei yngste på stølsområdet under arrangementet
  • Premieutdeling ca kl 15.15, når løparane er komne tilbake til Austrheimsstøylen
  • Vi har auka 2. premien, og lagt til ein pengepremie for 4. plass, slik at premiane no er: 4000/1500/500/500. Premie også for løyperekord.
  • Kart, m.m. http://www.motbakke.com/svinestranda-opp/

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.