Gloppen Halvmaraton - funksjonærliste
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 8. Sep 2018
Tre av funksjonærane i 2017: Birger Berge (lede-bil), Henry Hammersland (drikke og tidtakar vendepunktet), og Odd Arne Kolseth (løypevaktsjef i Hansen-svingen)
GLOPPEN HALVMARATON laurdag 6. okt. 2018
(start ved STIL-stova kl 14.00, ein del startar kl 13.30)
Stemneleiar: Dagfinn Nyhammer
Startar: Arne Klakegg
Tidtaking: Jon R Hauge/Arne Klakegg
Tidtaking/sekretariat, resultatskriving/medaljer: Yngvill Oen (Ingunn E. og Kirsti hjelper også til i målområdet når dei er ferdige med løypevaktjobben)
Løype-bil: Magne Moritsgård
Merking av løypa/km-skilt: Dagfinn Nyhammer
Løypevakter Hansensvingen: Odd Kolset (hovudansvarleg) , Merete G Tveit , Else Lundestad, Elling Fjellestad
Her er det viktigast å passe mest på på sørsida av svingen, sidan løparane kjem i innersvingen, mot trafikken. Vi set opp skilt om at det føregår løp før svingen, og kanskje nokre små kjegler i innersvingen som gjev ein god halvmeters rom for løparane? Vakthaldet har vi berre bruk for til alle har passert på veg ut, inn att spring dei med trafikken, og kjem ein og ein, og då burde det greie seg med kun varslingsskilta)
Løypevakt ved G-sport-hjørnet: Jonfinn Aske, Kirsti Bjotveit, Per Rune Vereide
Her må trafikken inn mot krysset stoppast dei 1-2 minuttane det tek før løparane har kome seg frå Firdavegen og inn på FV615. Så må ein passe på at det ikkje er fotgjengarar som går i vegen i same tidsrommet. Løparane spring i gata på veg ut, og skal ikkje krysse ved hjørnet til G-Sport. På tilbaketuren kan dei krysse inntil hjørnet, og då treng vi ikkje vakter.
Drikkestasjonar:
Saftstasjon ved Gloppen Sementstein: Steffen Fjellestad
Saftstasjon Rygg: Bjarne Hauge,
Saftstasjon snupunkt (noterer også startnr og passeringstider): Jan Steinar Roset, Henry Hammersland (ver obs på at nokre startar kl 13.30). Radiokontakt med starten, for å starte klokkene ved vendepunktet!!
Fjellhug/Vereide ordnar med saft og vatn, men det må hentast ved STIL-stova i god tid av dei som har ansvar for stasjonane..
Kiosk (enkel): Ansvarleg: Roger Sunde Andenæs
Dersom alle møter ved Stil-Stova kl 13.30, er det fint. Yngvill må møte kl 13.00, då det kan kome løparar som ikkje har meldt seg på, på førehand.
Sjå elles heimesida, eller ta kontakt dersom de lurer på noko: http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton
Friidrettsgruppa v/ Dagfinn
mobil 41227968
Epost: dagfinn.nyhammer@enivest.net
Trude Eimhjellen i fint driv på fjorårets halvmaraton
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL
![Gloppetrim nr. 5, 22. mai](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/908/2024/5/24/img-20240522-184555.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024
![Gloppetrim nr 3 og 4](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/908/2024/5/15/638514031142058866439780419-468539082194406-5348739937929543387-n--1-.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024
![Gloppe-Trim nr. 2](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/908/2024/5/2/439780419-468539082194406-5348739937929543387-n--1-.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024
![Gloppetrimmen er i gang igjen!](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/908/2024/4/24/gloppe-trimmen-001.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024