SKIKARUSELL ONSDAG 16.JANUAR

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Jan 2019

SKIKARUSELL PÅ KLEIVANE ONSDAG 16.JANUAR KL.18.00
Karusellrenn er lavterskeltilbod for alle som vil vere med. Det er ope for alle klasser, frå ca 4 -100 år. Renna går i Fristil, då dette er det enklaste for alle. Kr.50.- pr start. Saft og kake ved målgang.

Det blir premieutdeling etter sesongen, og då premie alt etter kor mange renn ein har delteke på.

Påmelding helst på førhand til Astrid Fjellestad Hauge på messenger innan 16.30. Då sparer både vi og de kø og venting på Kleivane. Med det er sjølvsagt råd å melde seg på i skihytta frå 17.00-17.45. Då må også startnr hentast for alle.
De kan betale kontant eller med VIPPS nr 82867 og mrk med karusell. Betalar de med vipps ved førhandspåmelding,legg ved eit bilde, so slepp ein å vente på dårleg dekning på Kleivane.

Vi i skigruppa treng hjelp av dokke foreldre/besteforeldre eller andre som har lyst, til små oppgåver på desse renndagane. Kommenter kva de har lyst til eller send mld til Astrid Fjellestad Hauge, so ser vi etter kvart kor vi puttar dokke inn. Kom gjerne med ynskjer.

Takk til dokke som allereie har meldt dokke til teneste :-)

Hjelparliste på dette rennet:

Sekreteriat i skihytta. Arne Nesgård (Astrid Fjellestad Hauge?)
Start: Sverre Nesdal Aske, Roger Aa Djupvik
Mål: Johnny Hauge, Marius Aske
Løypevakt: Jonfinn Aske, Øyvind Seim
Kake/saft/innsamling startnr: Liv Kristin Eimhjellen Rauset, Eli-Anne Sandal Birkelund, Hege Roth-Andenæs 
( Platekaker som delast oppi ca 30 stk(ikkje for store) Blandar saft (vatn og saft er på Kleivane) De tar ut bord/tepper å stå på. Korger til boss og startnr er i hytta.

Då håpar vi på god deltaking og ein fin vinterkveld på Kleivane.
Spre ryktet og ta gjerne med dokke naboane, slekt og vener på Kleivane!
Føl med på nettet om det skulle bli forandringar


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.